Ro vision innfelt glen bradley foto larsnes mek verksted marius 11
GODE RESULTAT: Viseadministrerande direktør Glen Bradley (innfelt) i Rostein gler seg over ei gode resultata frå lusebehandling i brønnbåtane deira. Foto: Larsnes Mek. Verksted/Marius Rosbach
Nytt

99,76 prosent av laksen tolte avlusinga

Rostein-reiarlaget ser resultat av langvarig arbeid for å gjere livet til fisken betre.

Marius Rosbach
22.01.2024

Brønnbåtreiarlaget Rostein kan legge fram svært gode tall etter å ha undersøkt korleis laksen toler avlusing.

Etter å ha undersøkt korleis fisken tolte lusebehandlinga på to av brønnbåtane deira i 2022, viste resultata at 99,76 prosent av fisken overlevde.

– Etter at datainnsankinga blei gjort, har vi gjort fleire forbetringar og vi ser at fiskevelferda er blitt enno betre, seier viseadministrerande direktør Glen Bradley i Rostein til NETT NO.

Blir avlusa med lunka vatn
Undersøkinga blei gjort at to eksterne ekspertar på feltet, om bord på to av dei mest brukte fartøya i den opne marknaden.

Avlusingsmetoden som i hovudsak blir nytta om bord på båtane, er sokalla termisk behandling. Det betyr at fisken blir utsett for lunka vatn i 20 til 30 sekunder.

– Då denne behandlinga kom, var det mykje dårleg fiskevelferd og høg dødelegheit. Det er mykje arbeid som ligg bak at vi er kome til dei fantastiske overlevingstala vi ser no, seier Bradley.

Han skundar å legge til at oppdrettsnæringa framleis har utfordringar å ta tak i. Samtidig påpeiker han at det er ein rekke ulike årsaker til at dei har oppnådd forbetringar.

Bradley ramsar opp alt frå betre utstyr, meir kunnskap, betre rutinar og meir merksemd på fiskevelferd.

– Tilsette har jobba hardt
Rostein-sjefen legg ikkje skjul på at han opplever ei «slagside» i nasjonale media sitt søkelys på oppdrett – og seier han kjenner på omsynet til dei tilsette, korleis dei opplever å jobbe i næringa.

– Dei tilsette har jobba hardt for å oppnå desse forbetringane, seier han.

Kampen for å gi laksen eit så godt liv som at flest mogleg overlever – til dei blir slakta, har vore ein årelang kamp. Avlusingsmetoden med lunka vatn har tidlegare vore omstridd – men blei i 2022 godkjent av Mattilsynet.

Det blir ofte også nytta ein kombinasjon med andre metodar, som bad i ferskvatn. Kring 2015 var bruk av hydrogenperoksid og kjemikaliar mykje brukt. Det viste seg å ha verre påverknad på miljøet, enn først anteke.

– Den gong var vi ikkje klar over at det utgjorde ei miljøfare. Då det blei klart, bestemte vi oss for å gi gass for å finne andre løysingar, seier Rostein-sjefen.

Betydeleg skilnad
Å samanlikne resultata som viser ein overlevnad på 99,76 prosent, med korleis situasjonen har vore, er ei krevjande øving med fleire usikre faktorar. Bradley er likevel ikkje i tvil om at tala peiker i rett retning.

Ei peikepinn er Fiskehelserapporten til Veterinærinstituttet, som viste at 17 prosent av fisken i norske oppdrettsanlegg døydde før den blei slakta i 2022.

Samtidig viser undersøkingar frå instituttet at ein av fem døde fisk kan knytast til avlusing. Det betyr at ein kan anslå eit snitt for talet på overlevande laks frå avlusing på kring 96-97 prosent.

Skilnaden frå 99,76 skilnaden er liten i prosent, er den likevel betydeleg i volum og talet fiskar. I 2022 var det kring 300 millionar laks i norske oppdrettsanlegg.

Ventar betring i nasjonale statistikkar
Bradley fortel at undersøkinga i utgangspunktet blei gjort for å finne samanhenger i store datamengder – som kan nyttast til nye forbetringar.

Det fann dei, saman med variasjonar i overlevnad, som gjer at dei kan justere metodane.

– Resultata vi har fått var utenkelege for berre nokre år sidan. No er også kapasiteten i næringa bygd opp slik at kundane kan velje den metoden som passar dei best. Det gjer at vi ventar positive utslag på nasjonale statistikkar framover, legg han til.

Publisert: 22.01.2024 05:00

Sist oppdatert: 21.01.2024 20:26

Mer om