Rangild Lied IKKE GJENBRUK FOT NPK
TRIVST I FJELLET: Unio-leiar Ragnhild Lied trivst godt på fjellet. Her på Kleivdalsfjellet ein fin dag i juli. Foto: Bent Tandstad / NPK
Nytt

På topptur med Unio-toppen

Ho er leiar for 400.000 arbeidstakarar. No er ho heime på sommarpause frå harde forhandlingar.

16.07.2023

(NPK – Bent Tandstad): Ragnhild Lied kjempar for rettane til både politifolk, sjukepleiarar, lærarar, prestar og mange andre yrkesgrupper som leiar for 400.000 arbeidstakarar i hovudorganisasjonen Unio. Vi møtte henne på eit fjell.

Frå media kjenner vi henne best som ein tøff fagforeiningsleiar som fortel oss kor elendig betaling høgt utdanna arbeidstakarar i offentleg sektor får, og som gjerne går hardt ut mot forhandlingsmotparten, anten det er staten, fylkeskommunen eller kommunane.

Vi møter Ragnhild Lied på Kleivdalsfjellet, på grensa mellom Stranda og Sykkylven, ein vakker og lettskya dag i juli. Vi har strålande utsikt til store delar av Sunnmørsalpane. På den eine sida ser vi ned mot alpinsenteret og hyttebyen på Strandafjellet, og snur vi oss andre vegen ser vi ned mot det litt mindre alpinsenteret og skogen av hytter i Fjellseter-området i Sykkylven.

Blid og avslappa
Det er ei blidare og langt meir avslappa utgåve av Ragnhild Lied vi møter her 1154 meter over havet enn det vi kjenner frå tv-skjermen. Tempoet ho held i motbakkane vitnar om god kondisjon, og det kjem nok godt med når det igjen blir tid for tøffe rundar med forhandlingar.

Trass i fjell- og feriemodus har ho med seg engasjementet for yrkesgruppene ho representerer. Ho minner oss om at lønnsnivået for lærarar og andre høgt utdanna grupper her i landet er svært lågt samanlikna med andre land i OECD-samarbeidet. Og meiner vi må gjere noko med det om skal vi greie å sikre oss den rekrutteringa som trengst i åra som kjem.

Det er også viktig for henne at vi skal kunne ha høgt utdanna i offentleg sektor over heile landet, ikkje berre i og rundt dei store byane. Dette er noko ho brenn sterkt for.

Ragnhild Lied IKKE GJENBRUK foto npk 3
STATSMINISTER-MØTE: Unio-leiar Ragnhild Lied saman med statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) på Unio-konferansen i 2022. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Skal tilbake i harde forhandlingar
Før Unio-leiaren tok sommarferie, var det harde forhandlingar om pensjonsordninga for yrkesgrupper som har særaldersgrenser, slik som politifolk og sjukepleiarar. Så tøffe var forhandlingane at dei valde å ta ein pause og heller starte på igjen i august.

Men no har Lied fri, og for henne er ferie einstydig med å gå i fjellet – og helst heime på Sunnmøre. Ho er fødd og oppvaksen i Volda, og med ei høgst oppegåande mor på 94 i barndomsheimen oppheld ho seg mykje i heimbygda.

Lied snakkar med klar og tydeleg Volda-dialekt, og det har vore eit bevisst val for henne å halde på språket frå barndomen. Det er ikkje alltid like lett, seier ho, men det er viktig for henne.

Huset sitt har ho derimot på Stranda, der ho jobba som lærar i matematikk og idrettsfag i den vidaregåande skulen før fagforeiningslivet tok henne.

Bevaring av idrettslina
– Det starta med at eg tok ordet på eit møte der eg uttalte meg engasjert om kor viktig det var at idrettslina på Stranda vidaregåande, og andre idrettsliner, måtte bergast. Så vart eg spurt om å bli tillitsvald, og sidan har det berre balla på seg. Det låg ikkje i planane mine at eg skulle bli fagforeiningsleiar, ler den turglade 64-åringen.

Jobben i vidaregåande skule var den første etter at ho var ferdig utdanna cand. mag, frå Idrettshøgskulen (NIH) og Universitetet i Oslo. Og seinare hadde ho også permisjon frå jobben på Stranda i to år for å ta hovudfag, det som i dag heiter master, ved NIH.

Idrett og friluftsliv har ho drive med heile livet. Først med turn, friidrett og volleyball i Volda, sidan også aktiv i volleyball under studietida på Idrettshøgskulen i Oslo.

– Kan vere slitsamt å pendle
No har ho vore fagforeinings- eller forbundsmenneske på heiltid sidan 2001, og heile tida har ho levd eit pendlarliv i ein trekant mellom Volda, Stranda og Oslo.

– Jobben er både krevjande og givande. Men det kan vere slitsamt å pendle, fortel ho.

Før ho kom til Unio, var Ragnhild Lied mange år i Utdanningsforbundet, dei siste åra som leiar. Ho leidde medlemene blant anna under den store lærarstreiken i 2014. Det var ein streik som gjekk over heile sommaren, og det var tøffe tak, fortrur ho oss.


Fotografen i grøfta
– Det skjedde ingenting anna enn streiken den sommaren. Alle avisene og TV-stasjonane jakta på oss heile tida for å finne ut om det var ei utvikling. Ein gong venta ein fotograf på meg i ei grøft. Eg må vedgå at eg av og til håpte på ei flykapring eller noko slikt som kunne få journalistane til å tenkje på noko anna enn lærarstreiken. Det var nesten umogleg å få til uformelle møte med motparten fordi vi heile tida vart fotfølgde av pressa, minnest ho.

Ho har ingen problem med å le av det i dag, men det var tøft når det stod på.

I lærarstreiken var det først og fremst arbeidstida til lærarane som var stridstema. Og sjølv om både ho og motparten stod hardt på sitt når dei vart intervjua, så hadde dei faktisk gode uformelle samtalar på telefonen. Slik kom det til ei løysing også på denne konflikten.

– Vi kunne ha ein knallhard tone oss imellom under forhandlingane, men vi greidde å snakke saman på ein konstruktiv måte.

Ragnhild Lied IKKE GJENBRUK foto npk 2
GOD KONDISJON: Tempoet Ragnhild Lied held mot toppen, vitnar om god kondisjon: Foto: Bent Tandstad / NPK

Leiar 400.000 medlemer
Frå å vere leiar i Utdanningsforbundet vart ho overtalt til å bli leiar av Unio, den største hovudorganisasjonen for universitets- og høgskuleutdanna her i landet med rundt 400.000 medlemer fordelte på 14 forbund.

– Då eg vart beden om å ta over etter Anders Folkestad som Unio-leiar, tenkte eg at det var altfor store sko å fylle. Men eg vart overtalt, og det er ofte slik når ein tek ei utfordring, at ein klarar det, seier ho.

Sprikande interesser
Unio består altså av ulike fagforbund: Utdanningsforbundet, Sjukepleiarforbundet, Forskarforbundet, Politiets Fellesforbund, Norsk Fysioterapeutforbund, Maskinistforbundet, Akademikarforbundet, Ergoterapeutforbundet, Radiografforbundet, Presteforeininga, Bibliotekarforbundet, Tannpleiarforeininga, Skatterevisorane si foreining og Diakonforbundet.

– Det er klart at det kan vere sprikande interesser med så mange ulike forbund, så eg har verkeleg fått utvikla dei diplomatiske evnene mine. Men vi er også eit fellesskap. Alle har høgare utdanning og dei fleste er tilsette i offentleg sektor, og arbeidet med å få opp lønna i det offentlege har samla oss, seier Unio-leiaren.

Og det er ikkje alltid like lett å vere samla heller. For motparten i forhandlingar har ofte evna til å fange opp motsetningar mellom fagforbunda, og så spele på det.

Etter over 20 år som tillitsvald, er det vanskeleg for Ragnhild Lied å sjå at ho skal tilbake til kateteret når perioden som Unio-leiar er over i 2024.


– Meir byråkratisk skule

– Det har skjedd veldig mykje i skulen i desse åra, og eg måtte heilt sikkert bruke mykje tid på etterutdanning før eg kunne gått tilbake til lærarjobben. Eg har inntrykk av at skulen har blitt meir byråkratisk, så eg ville sikkert blitt irritert, seier ho.

Fagforeiningsveteranen meir enn antydar at det freistar å bli pensjonist, for då kan ho bruke endå meir tid på å gå i fjellet – både vinter, vår, sommar og haust. Men før det blir snakk om å nyte pensjonistlivet, så blir det nye harde rundar rundt forhandlingsbordet.

Og det lever ho nok godt med.

Publisert: 16.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 16.07.2023 06:21

Mer om