Tafjord Kraftvarme Breivika Foto Tafjord 11
BREIVIKA: Anlegget til Tafjord i Breivika i Ålesund tek i mot nær 100.000 tonn restavfall i året. Foto: Tafjord
Nytt

Reagerer på klimaministeren sitt avgiftsutspel

– Når effekten mot Sverige er så sterk, så stemmer det ikkje, seier Tafjord-sjefen.

Tidlegare denne veka skreiv NETT NO om dagleg leiar i Tafjord Erik Espeseth si meining om kva den største krisa i årets forslag til statsbudsjett var: Nemleg den auka Co2-avgifta for norske forbrenningsanlegg frå 238 til 882 kroner per tonn som blir slept ut.

Han fryktar at det vil føre til meir transport av avfall til Sverige og kroken på døra for fleire norske anlegg.

Trur ikkje på svekka konkurransekraft
VG omtalt den same saka måndag og til avisa uttalte klimaminister Espen Barth Eide (Ap) at:

«Økte avgifter på utslipp av klimagasser er et av regjeringens viktigste grep i planen for hvordan vi skal nå våre klimamål. Så godt som alle deler av norsk næringsliv betaler i dag rundt 1 000 kroner per tonn CO₂ for sine utslipp. Men det har også vært flere hull i avgiftssystemet, som vi nå jobber med å tette. Jeg er helt enig i at avfallsbransjen er en viktig næring, men forurenser betaler-prinsippet må gjelde også for avfallsbransjen.»

Eide trur heller ikkje at avgiftsauken vil svekke konkurransekrafta mot utlandet, sidan Sverige og Danmark er underlagt EU sitt kvotesystem, og betalar kring 1000 kroner per tonn for sine utslepp.

Tafjord-sjefen har opplevd stor endring
Tafjord-sjef Erik Espeseth reagerer på dette utspelet. Han kjenner ikkje til detaljane til kva anlegg som er underlagt kvoteplikt, eller kor mykje frikvoter dei har.

– Det eg derimot veit og ser, er at det er ei stor endring av avfallslogistikken. Berre i år har mykje meir avfall enn tidlegare blitt transportert til Sverige, seier han til NETT NO.

Han meiner det ikkje er tvil om at avgifta spelar ei rolle i dette, og gjer den norske konkurransekrafta svakare.

– Dei kan seie dei betalar like mykje i Sverige, men når effekten er så sterk stemmer det ikkje.

– Treng tid til å omstille oss
Espeset seier bransjen vil redusere Co2-utsleppa sine. Likevel trur han at å jekke opp avgiftene med «stormskritt» vil føre til at avfallsbehandlingskapasiteten i Noreg blir nedlagt.

Igjen samanliknar han det med situasjonen i Napoli, der dei ikkje har kapasitet til å handtere avfallet sitt.

– Vi treng tid til å omstille oss. Då er ikkje å gi anlegga sjokkterapi på Co2-avgifter løysinga. Politikken må ikkje vere konkurransevridande.

Podium

E8/S1 Øyvind Tørlen og Jan Endre Vartdal om bærekraft i næringslivet

Meiner avgiftene kjem i feil ledd
Ein av utslepps-syndebukkane er forbrenning av fossilt plast.

– Berre gå inn på ein matbutikk og sjå kor plastpakka alt er. Den meiningslause plastbruken er hovudårsaka til Co2-utsleppa, seier Espeset.

Han ønsker at avgiftene blir lagt på innmatingsleddet, slik at desse får insentiv til å bruke meir klimavennlege emballasjer. Då kan han fint leve med ei avgift på restavfallet.

– Det ville vore eit godt og berekraftig system, men vi forstår at det er mykje enklare å pålegge ei Co2-avgift, enn å utvikle eit nytt system for mange sektorar.

Publisert: 10.10.2023 12:36

Sist oppdatert: 10.10.2023 12:36

Mer om