Rita Saevik Per seavik foto Marius 11
VIL HA HURTIGRUTESTOPP HIT: Rita Sævik og Per Sævik leiar kvar sine selskap som held til på Mjølstadneset. Hit vil dei også ha anløp av Hurtigruten og Havila Kystruten sine skip. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Reagerer på snuoperasjon om hurtigrutestopp

Rita og Per Sævik ber politikarane stå ved avgjerda om å byte frå Torvika til Mjølstadneset.

Marius Rosbach
12.04.2024

Snart eitt år etter at kommunestyret i Herøy med stort fleirtal vedtok at administrasjonen skulle jobbe for eit byte av anløpshamn for skipa til Hurtigruten og Havila Kystruten, signaliserer kommunedirektøren at han vil legge fram ei sak med motsett syn.

Det kjem fram i eit brev Rita og Per Sævik har sendt Herøy kommune på vegner av Ervik & Sævik og Havila Holding.

I brevet stiller dei seg undrande til tverrvendinga – og viser til at anløp på Mjølstadneset mellom anna har vore føresetnaden for etableringa av Fosnavåg Cruisenettverk.

– Vi oppfatta at det blei gjort eit positivt prinsippvedtak, påpeiker Per Sævik til Nett No.

Økonomi kan stoppe eit byte
Duoen har vore i møte med kommunedirektør og ordførar. Der har dei fått opplyst at den økonomiske stoda er så dårleg, at kommunen ikkje kan nytte pengar til å gjere eit slikt byte.

I fjorårets vedtak vart det påpeika at det måtte avklarast kva økonomiske konsekvensar ei flytting frå Torvika vil ha for kommunen – og deretter skulle saka opp til endeleg avgjerd.

– Sett frå vår ståstad, er ikkje dette berre snakk om flytting av stoppestad for Hurtigruten og Kystruten, og vi ber politikarane tenke seg om. Viss det nye fleirtalet i kommunestyret stiller seg bak dette, så vil ein øydelegge strategien som er lagt og misse potensialet for vekst, utdjupar Per Sævik.

Vil bidra økonomisk
Begge ønsker å skape meir aktivitet kring anløpa av den tradisjonelle kystruteskipa – og meiner det er langt betre moglegheiter på Mjølstadneset, framfor å halde fram på Torvika.

– Eg håpar at politikarane seier ja til å bytte stoppestad, seier Rita Sævik.

Sjølv har ho investert betydeleg i Fosnavåg Næringspark-bygget for å legge til rette for turistinformasjon eller liknande verksemd.

Begge vil også vurdere å bidra økonomisk via Havila-konsernet og Ervik & Sævik-reiarlaget – om det blir grønt lys for Mjølstadneset.

Åtvarar mot «konkurrentar» i nabokommunar
Per Sævik har tidlegare åtvara mot at Herøy «sett seg på gjerdet» i spørsmålet om hurtigrutestopp, og vist til at både Ørsta, Ulstein og Hareid har jobba for å få hurtigruteskipa til å anløpe deira kommunar i staden for Herøy.

Den åtvaringa står dei begge ved. Og om Stad skipstunnel blir bygd – vil det opne seg moglegheiter for å legge ruta.

– Politikarane i Herøy bør vere klar over konsekvensane av å møte denne saka på ein lite positiv måte ved å gå i mot flytting, seier Rita Sævik.

Trur på lønnsam hamnedrift
Duoen er overtydd om at det er mogleg å bygge opp eit lønnsamt system for hamnedrift i kommunen med hurtigruteanløp på Mjølstadneset som ein «botnplanke» i økonomien.

– No bør tida vere komen for at ein klarar å sjå positivt på felles prosjekt som er med å bringe kommunen framover, seier Per Sævik.

Han opplever at arbeidet med å utvikle Mjølstadneset til det som no blir kalla Fosnavåg Næringspark, på fleire vis har vore motarbeida både frå politisk hald og frå andre næringsaktørar.

– Ein kan stille spørsmål ved kvar dei 600 industriarbeidsplassane hadde vore, om dei ikkje hadde vore her, legg han til.

Herøyterminalen Torvik
TORVIKA: Skipa til Hurtigruten og Kystruten legg i dag til kai i Torvik når dei kjem til Herøy. Her er det terminal for passasjerar og gods som er drifta av Herøyterminalen. Foto: Kjetil Haanes

Positive til cruisekai i sentrum
Det høyrer med til historia at ei interessegruppe jobbar med å vurdere bygging av ny cruisekai i Fosnavåg sentrum på utsida av Meny-butikken.

Sjølv om dei begge held til på Mjølstadneset, er Per og Rita Sævik også positive til ei slik utbygging i sentrum.

– Om det er private aktørar som har 100 millionar å bruke til det, så er det veldig bra. Men med den økonomiske stoda verkar det lite truleg at kommunen kan stille med midlar, legger Per Sævik til.

Publisert: 12.04.2024 12:51

Sist oppdatert: 12.04.2024 13:06

Mer om