Regjeringa gjekk til høgre
Samde med Høgre og Venstre om landbrukspolitikken.
NPK-NTB-Håkon Vatnar Olsen og Marius Helge Larsen: Regjeringa gjekk til Høgre for å sikre ny landbrukspolitikk som dei meiner tettar inntektsgapet for bøndene. SV, MDG, Raudt og KrF er skuffa over resultatet.
– Regjeringa var ikkje villig til å betale det det kostar å sikre jordbruk i heile landet, seier SV-nestleiar Torgeir Knag Fylkesnes.
Regjeringspartia Sp og Ap samarbeider vanlegvis tett med SV i Stortinget, men denne gongen gjekk dei til Høgre og Venstre for å få fleirtal om korleis inntekta til bøndene skal bereknast.
Dette blir eit viktig grunnlag for ei planlagd opptrapping for å tette gapet mellom inntektene til bønder og andre grupper.
– Regjeringspartia var rett og slett ikkje villige til å gjere det som skal til for å få i gang ei skikkeleg opptrapping og auka sjølvforsyning for Noreg. Dermed blir det ei halvhjarta satsing, som ikkje kan snu den negative trenden vi ser i jordbruket i dag, der mange bruk rundt om i landet legg ned, og der dyrka mark gror igjen, seier Fylkesnes.
Pollestad: Svært ambisiøs plan
No skal inntektene til bøndene samanliknast med lærarar og sjukepleiarar i staden for industriarbeidarar. Inntektsgapet skal tettast innan 2027 og sjølvforsyninga skal auke frå 40 til 50 prosent, opplyser regjeringa. I tillegg skal dyra ete meir grovfôr og gras i staden for kraftfôr.
– Det som vi har fleirtal for i næringskomiteen, er ei svært ambisiøs stortingsmelding på vegner av norsk landbruk, sa landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) til NTB like over midnatt natt til fredag.
Kort tid i førevegen hadde næringskomiteen avslutta møtet der semja vart inngått.
KrF: – Mageplask
Regjeringa har fått støtte frå ulike parti til ulike delar av forslaget. Men verken KrF, SV, Raudt eller MDG ville stille seg bak den nye modellen for berekning av inntekta til bonden.
– Dette er eit skikkeleg mageplask, seier KrF-leiar og tidlegare landbruksminister Olaug Bollestad.
Ho seier at dei var konstruktive i forhandlingane.
– Når regjeringa no heller finn fleirtal ute til høgre og ikkje gir noko som helst på verken timetal, normering eller kapitalavkastning må eg rett og slett seie at eg blir svært sjokkert og lei meg på vegner av bonden, seier ho.
– Ei bøtte isvatn i hovudet på bøndene
Heller ikkje MDGs Rasmus Hansson er fornøgd.
– Eg forstår ikkje korleis bønder kan stemme Senterpartiet etter dette, seier han, og legg til:
– Stortingsfleirtalet gir bøndene masse forventningar pluss ei diger bøtte isvatn i hovudet.
Raudts Geir Jørgensen seier regjeringspartia bruker eit talgrunnlag som bondeorganisasjonane er usamde i. Dei vender ryggen til bønder og eigne veljarar, meiner han.
– Vi skal halde regjeringspartia knallhardt i øyra framover for å sikre at dei legg pengane på bordet i jordbruksoppgjeret, både denne våren og kommande år, til bønder har fått inntekt å leve av, seier han.
Bondelaget prøver å få endring i siste liten
Norges Bondelag er svært skuffa og varslar kamp for å inn endringar før meldinga skal voterast over i Stortinget neste torsdag. Stortinget må bruke tida fram til då på å samle seg om å forbetre talgrunnlaget, meiner leiar Bjørn Gimming. Han kallar innstillinga uklar og spinkel.
– Det er ikkje lett å forstå at eitt fleirtal er samde om talgrunnlaget og eit anna om tidsplan for opptrapping, seier han.
– Venstresida er med på ei opptrapping som regjeringa og høgresida legg premissane for. Det er eit paradoks at dei partia som sikrar fleirtal for ein ny metode å rekne ut inntekta til bonden, har låge ambisjonar for gjennomføring av opptrapping. Dette skaper utryggleik hos bøndene, seier han.
Vil at fleire vel norske varer
Regjeringsplanen for å auke sjølvforsyninga har brei støtte.
– Hovudstrategien er at vi skal få fleire til å velje norske varer. Vi skal greie å produsere meir av plantematen og sørgje for at dyra et meir gras på beite. Så skal kraftfôr blir meir norsk, seier Pollestad.
Då Pollestad presenterte politikken, understreka han at planane føreset at forbrukarar vil ha norske varer og at produksjonen må vere lønnsam.
– Oppfølging av strategien må skje i samarbeid mellom staten og alle ledd i verdikjeda for mat, sa han.
Venstre og Høgre skriv i ei felles pressemelding at dei er fornøgde med å inngå eit samarbeid om ein «ny og meir moderne kurs i landbrukspolitikken».
Stortingsmeldinga skal behandlast i Stortinget 18. april.
Publisert: 12.04.2024 13:32
Sist oppdatert: 12.04.2024 13:33