Stein Aam og Sølvi Dimmen ordførar ørsta og volda Sp overskjønsnemdsak foto Ogne
SNART KLART: Ordførarane Stein Aam (Sp) i Ørsta og ordførar Sølvi Dimmen i Volda (Sp) har møttes først i Skjønsnemnda og no i Overskjønsnemnda for å få avgjort Ørsta sitt krav om erstatning frå Volda etter at bygder i Hjørundfjorden vart flytta frå Ørsta til Volda. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Reknar med avklaring før påske

Siste runde i striden mellom Volda og Ørsta om erstatning etter endra kommunegrenser.

18.01.2023

Halvannan månad er tida leiar Carl Petter Martinsen i Overskjønsnemda seier han reknar med å bruke på å konkludere.

Det betyr at den langvarige striden etter at bygdene Bjørke, Leira,Viddal, Finnes og Skjåstaddalen innerst i Hjørundfjorden vart flytta frå Ørsta til Volda kommune i 2020 kan vere over og avgjort før påske.

Overskjønsnemda starta sitt arbeid i dag, og det er sett av to dagar til saka.

Kommunegrensene vart justert etter at 19 av 104 innbyggjarar i bygdene bad om ei revurdering av kommunegrensene. Bygdene har ikkje direkte vegsamband til Ørsta, og elevane derifrå har gått på skule i Volda.

Kraftinntekter
Det er fem kraftverk i bygdene, mellom dei det største kraftverket til Tussa. Det har gitt Ørsta kommune kraftinntekter og det inntektstapet vil Ørsta kommune ha kompensert i ei overgangsperiode.

Skjønsnemda konkluderte med at Ørsta skulle få 44 millionar kroner i erstatning frå Volda kommune, fordelt over åtte år.

Ørsta ville ha meir enn dobbelt så mykje og Volda meinte Ørsta ikkje hadde rett på ei einaste krone. Begge partar anka.

Repetisjon
Saka i Overskjønsnemnda er langt på veg ein repetisjon av det som vart gjort i skjønsnemnda. Begge partar argumenter for sitt syn, som i førre runde.

Volda meiner Ørsta har lagt til grunn eit for høgt inntektstap, og også at den relative betydninga av tapte kraftinntekter er for liten til å utløyse ei erstatning frå Volda.

Publisert: 18.01.2023 12:00

Sist oppdatert: 18.01.2023 11:51