Leverandørkonferansen 2022 foto peder nersveen leverandørkonferansen 11
LEVERANDØRKONFERANSEN: Rekordmange deltok då konferansen som samlar den maritime industrien i regionen, var tilbake for fullt torsdag. Foto: Leverandørkonferansen
Nytt

Rekordmange på Ulstein-konferanse

Betre utsikter i offshore var mellom bodskapa. Men reiarlaga bør spisse satsinga, rår meklar.

Marius Rosbach
05.05.2022

Leverandørkonferansen samla rekordmange deltakarar i Ulsteinvik torsdag. Aldri i løpet av dei kring 20 gongane arrangementet har gått av stabelen, har det vore fleire i salen, ifølgje arrangøren.

– Vi er fleire enn 200 deltakarar, men førebels har eg ikkje heilt oversikt, fortel Steinar Hauge til NETT NO.

Han er med å marknadsutvalet og fotballstyret i Hødd, som er arrangør av det som i utgangspunktet har vore ein årleg konferanse.

– Konferansen blei avlyst då koronapandemien slo til, og i fjor blei det eit avgrensa arrangement med færre deltakarar, fortel han.

Hauge legg ikkje skjul på at det er kjekt å samle folk til ein ettermiddag og kveld fylt med innlegg om den maritime industrien, ispedd idrettprat og kulturinnslag.

Lysare for dei fleste fartøysegment
Marknadsanalytikar Jesper Skjong i Fearnley Offshore Supply var mellom dei som fortalde utsiktene for offshoreskipa framover. Som NETT NO omtalte seinast denne veka, er utsiktene lysare enn på lenge.

Det same viser tal frå Fearnley Offshore Supply sin siste marknadsoppdatering for mai, kan Skjong fortelje.

– Vi finner positive endringer for de fleste fartøysegment, både subsea, ankerhandteringsskip og PSV-ar. Men det er stor skilnad mellom små og stor einingar, fortel han til NETT NO.

Viktigare å spisse satsinga
Konsekvensen er at det blir viktigare for reiarlaga å spisse satsinga inn mot dei mest eigna oppdraga for deira skip.

– Det å ha ei brei eksponering kan vere ein risiko, for det ikkje er alle fartøy ein ventar opptur for, påpeiker han.

Spesielt for dei mindre PSV-ane har marknadsutviklinga vore svakare, enn for dei større.

«Zombie-flåte» i opplag
Analytikaren fortel at ein stor del av skipa som offshoreirarlaga har i opplag, ikkje lengre er relevant for marknaden.

Fleirtalet av skipa i opplag er både meir enn 15 år gamle, og har vore i opplag i lengre tid. Kostnadene med å reaktiverer desse, vil difor ikkje svare seg.

I Fearnley Offshore Supply-rapporten blir brorparten av desse skipa omtala som ein «zombie»-flåte som berre ventar på å bli skrota eller selt.

– Samtidig har mange av reiarlage vore flinke til å kvitte seg med den ikkje-strategiske delen av flåten, legg Skjong til.

Publisert: 05.05.2022 17:48

Sist oppdatert: 22.04.2024 22:02

Mer om