Britt Flo Foto Ogne 11
ROMSJULSTREFF TILBAKE: Dagleg leiar Britt Flo i Molde Næringsforum kan fortelje om rekordpåmelding til Romjulstreffet. Rekrutteringsarrrangementet er tilbake i Molde Rådhus etter to års koronapause. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Rekordpåmelding til romjulstreff

Over 40 bedrifter vil bruke romjula til å rekruttere tilsette til Molde-regjonen.

14.12.2022

Etter to års koronapause er rekrutteringsarrangementet Romjulstreffet tilbake i Molde Rådhus.

Onsdag 28. desember stiller over 40 bedrifter og andre aktørar på stand i rådhussalen, der både fastbuande og folk som er på juleferie og familiebesøk i Molde-regjonen kan møte potensielt framtidige arbeidsgivarar.

Det er rekordpåmelding frå arbeidstakarsida, seier dagleg leiar Britt Flo i Molde Næringsforum.

200 ledige jobbar

Til saman har bedriftene og organisasjonane med seg 200 ledige stillingar, som dei er på jakt etter folk til å fylle.

I ei fersk medlemsundersøking svarar medlemane i Molde Næringsforum at rekruttering av arbeidskraft og profilering av regionen er ei av dei viktigaste sakene for Molde Næringsforum å arbeide med.

Molde Næringsforum står mellom anna bak ei trainee-ordning for nyutdanna studentar og inviterer til toppturar både vinter og haust for å lokke til seg tilflyttarar.

Publisert: 14.12.2022 05:00

Sist oppdatert: 14.12.2022 07:31

Mer om