Yrkesfag foto Tingh
TRADISJONELLE KJØNNSROLLER: Tal frå Utdanningsdirektoratet viser at søkjartala til yrkesfaglege studieprogram i stor grad fyl tradisjonelle kjønnsroller. Men, andelen jenter som søker seg til dei tekniske faga har auka merkbart i løpet av få år. Foto: Tingh
Nytt

Møre og Romsdal på yrkesfagtoppen

6 av 10 bedrifter manglar fagarbeidarar.

Linn Antonie Vårdal Solheim
09.07.2023

Yrkesfag er framleis mest populært når hovudopptaket til vidaregåande skule er klart.

Møre og Romsdal har den høgste andelen som søkte seg til yrkesfag blant fylka i landet, kor 60,4 prosent av søkjarmassen hadde eit yrkesfagleg studieprogram på førsteplass.

Også i Vestland var det flest som søkte seg til yrkesfag, med ein andel på 57,4 prosent.

Landssnittet ligg på 51,2 prosent, med Oslo som dårlegaste fylke. Der er det berre 25,3 prosent av søkjarane som ønsker å gå eit yrkesfagleg utdanningsløp.

Sjå oversikt over søkjarandel til yrkesfag fordelt på fylke i slutten av artikkelen.

Lange ventelister
SSB-prognosar viser at vi kan mangle så mange som 100.000 fagarbeidarar innan 2035 her til lands, og det har i ei årreke vore ei viktig politisk prioritering å auke andelen som vel å søkje seg til fagutdanningane.

Dei yrkesfaglege studieprogramma er populære, og på fleire av linjene er det er høge poenggrenser for inntak.

Det er fleire interesserte til utdanningsløpa enn det er studieplassar, og på mange av programlinjene er det lange ventelister.

- Det er ventelister for å få plass på fleire av Vg1-tilboda. Det gjeld mellom anna teknologi og industrifag, elektro og datateknologi, naturbruk, helse- og oppvekstfag, sal, service og reiseliv og informasjonsteknologi og medieproduksjon, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune om opptaket til vidaregåande utdanningar i fylket.

Læreplassar viktig for næringslivet
Etter to år på skule, kan yrkesfagelevane velje om dei ønsker å gå vidare i lære, eller dei kan velje å ta eitt år påbygg for å oppnå generell studiekompetanse. Ein viktig føresetnad for at elevane skal fullføre det yrkesfaglege utdanningsløpet og oppnå fagbrev, er at det er nok læreplassar tilgjengeleg.

I følgje Tord Hauge, ansvarleg for fag- og yrkesopplæring i NHO, er 80 prosent av læreplassane i Møre og Romsdal i private bedrifter.

- Tallet på antall lærlinger og læreplasser må henge sammen, derfor må fylkespolitikere sikre at de ikke tilbyr plasser på vg1 og vg2 der det ikke er læreplasser som kan ta de imot, seier han.

NHO meiner det er viktig å legge til rette for at det skal vere både lønsamt og enkelt for bedriftene å bli lærebedrifter, for å sikre at dei har tilgang på fagkompetansen dei har behov for.

Fleire jenter vel tekniske fag
Nasjonale tal frå Utdanningsdirektoratet viser at søkinga til dei ulike utdanningsprogramma i stor grad fyl tradisjonelle kjønnsmønster.

Gutane dominerer blant søkjarane til bygg- og anleggsteknikk, elektro- og datateknologi, og teknologi- og industrifag.

Dei siste åra har det derimot vore ein klar trend der andelen jenter som søkjer seg til desse utdanningsprogramma har auka jamt og trutt.

I 2019 var andelen jenter som søkte seg til desse fagområda på 12,6 prosent. I 2023 har det auka til 17,8 prosent.

Distrikta overrepresentert
SSB-utrekningar viser at det er ei rekke faktorar som speler inn på andelen som vel yrkesfagleg utdanning i ein region.

Ein av desse faktorane, er kor sentral kommunen som søkjarane bur i er. Dess nærare ein storby kommunen er, dess færre søkjarar vel yrkesfag. Det er klart flest søkarar som bur i distriktet.

SSB peikar på fleire årsaker til dette, mellom anna kva fagkompetanse og arbeidsplassar som dominerer i det lokale næringslivet, kva studieprogram som blir tilbode ved dei vidaregåande skulane i lokalmiljøet, og kva fagleg bakgrunn foreldra til søkjaren har.

Elevar med foreldre som sjølv har yrkesfagleg kompetanse vel i større grad å søkje seg til yrkesfag enn andre.

Podium

E22/S2 Jakta på kompetansen - kva kan gjerast for å sikre næringslivet folka dei treng?

Publisert: 09.07.2023 05:00

Sist oppdatert: 10.07.2023 09:44

Mer om