Ronny sørbotten coop 11
«LOKALMAT-SJEF»: Marknadssjef Ronny Sørbotten i Coop Nordvest har hatt eit spesielt ansvar for å følgje opp lokalmatsatsinga til Coop Nordvest. Produkt frå fleire enn 160 lokalmatprodusentar er i hyllene til konsernet. Foto:
Nytt

Størst på lokalmat i Norge – igjen

Ingen andre samvirkelag sel meir mat frå lokale produsentar enn Coop Nordvest.

Marius Rosbach
01.02.2022

Coop Nordvest vart størst i Coop Norge på lokalmat også i 2021, ifølgje fasiten frå fjoråret. Totalomsetninga på lokalmat i Coop Nordvest vart på 179 millionar kroner – opp frå kring 175 millionar i fjor.

Samvirkelaget som har butikkar frå har butikkar frå Sognefjorden og nordover til Stokkøya i Trøndelag, har satsa på lokalmat dei siste åra. Også i fjor omsette Coop Nordvest mest av samvirkelaga her til lands i dette segmentet.

Konsernet har ikkje opplyst totalomsetning og resultat for fjoråret, men delar ut kjøpsutbytte på 93 millionar kroner. Det er på nivå med rekordåret 2020.

Fleire enn 160 lokalmatprodusentar
Viseadministrerande direktør Geir Espe I Coop Nordvest påpeiker at satsinga med lokalmat gjer at mange gardsbruk og lokale bedrifter kan halde det gåande og utvikle seg.

– Dette er noko vi har jobba målretta med i mange år, vi har eigne ansvarlege for lokalmat som følgjer tett både leverandørane og butikkane i heile samvirkelaget, uttaler Espe i ei pressemelding.

I dag har samvirkelaget produkt frå fleire enn 160 lokalmatprodusentar i butikkane.

Fleire nye lokalmatavdelingar
I løpet av det siste året har Coop Nordvest opna nye lokalmatavdelingar både ved Prix-butikkene på Sjøholt, Longva og Haramsøy, i tillegg til Syvde i Vanylven.

Samtidig var den største lokalmatavdelinga til samvirkelaget i Molde, stengt delar av året. Det trekte ned omsetninga for området totalt.

– Lokalmat til kvardag og fest
Marknadssjef Ronny Sørbotten i Coop Nordvest fortalde nyleg til NETT NO korleis dei har opplevd ei endring for lokalmat under pandemien.

– Dei siste to åra har vi utan tvil opplevd at folk er meir bevisst på kvar maten kjem frå, og at den er kortreist er ein fordel. Det er også meir tydeleg enn før at folk etterspør lokal mat og drikke til dagleg. Folk vil ha lokalmat til kvardag og fest, sa Sørbotten.

Fleire saker om Coop Nordvest under:

Publisert: 01.02.2022 15:31

Sist oppdatert: 02.02.2022 00:00

Mer om