Hausten 2022 vedtok Sande kommune å redusere formuesskatten.
Målet var å trekke til seg folk som har godt med pengar. Sølvtrans-grunnleggar og medeigar Roger Halsebakk - som er frå Sandsøya - og ektefellen, melde flytting nesten med det same vedtaket vart gjort.
– Eg meiner dette er ein genistrek av kommunen, og vil nytte høvet til å rose kommunedirektøren, ordføraren og Høgre for jobben som ligg til grunn for vedtaket om å setje ned formuesskatten, sa Halsebakk til Vestlandsnytt då.
No vil regjeringa redusere kva du kan spare i formuesskatt om du flyttar til Sande.
– Det er litt sånn det er, dei overstyrer oss, seier ordførar Dag Vaagen (H) i Sande til Nett No om framlegget.
Tek en bit av kaka
I dag kan kommunene ta inntil 0,7 prosent formuesskatt - og kan om dei vil redusere formuesskatten.
Det vedtok Sande kommune å gjere i 2022, slik at den kommunale formuesskatten no berre er 0,2 prosent.
I statsbudsjettframlegget for 2025 skriv regjeringa at den vil kutte den kommunale formuesskatten til 0,525 prosent. Skilnaden, 0,175 prosent, skal gå til staten i staden.
Det betyr at kuttet i formuesskatt som Sande kommune vedtok i 2022, får tilsvarande mindre effekt. For staten gir ingen rabatt i formuesskatt til Halsebakk og andre som bur i Sande.
Kommunene skal få kompensert med auke i andre skatteinntekter, ifølgje framlegget - men det kjem altså ikkje skattebetalarar som betalar formuesskatt til gode.
E28/S2 Ikkje sjokk, men mykje bekymring
Har ikkje vurdert nye skattekutt
Om framlegget blir vedtatt må Sande kommune kutte sin formuesskatt ytterlegare, til 1,825 prosent, for å få same effekt for skattebetalarane.
Sande-ordførar Vaagen seier kommmune alt i alt fekk auka skatteinntekt i 2023 etter vedtaket året før.
Han seier det har kome signal om at ei endring ville bli føreslått. Per i dag er det ikkje vurdert om kommunen skal vedta ytterlegare skattekutt.
Meir om forslaget til statsbudsjett:
Publisert: 08.10.2024 12:24
Sist oppdatert: 08.10.2024 19:57