Cruise service keiser wilhelm innfelt kåre molvær foto cruise service marius 11
BÅT NUMMER TRE: No har Kåre Molvær og Cruise Service tre båtar i flåten etter at dei kjøpte ein ny hurtigbåt. Foto: Cruise Service/Marius Rosbach
Nytt

Satsar med ny båt etter tøffe år

Trass nytt underskot, utvidar Cruise Service flåten med ein ny hurtigbåt – og styrer mot cruiserekord.

Marius Rosbach
07.07.2022

Sidan koronapandemien slo til våren 2020 har mykje av satsinga til Cruise Service i Ålesund vert sett på hald. No ser Langevåg-selskapet fram mot ein normalsesong – og har investert i sitt tredje fartøy.

– Vi har gått til innkjøp av ein ny båt som har fått namnet Keiser Wilhelm, fortel dagleg leiar Kåre Molvær til NETT NO.

Den 1990-bygde båten ha ein toppfart på 25 knop, og er mest kjent under namnet Rygerprinsesse. Tidlegare har båten segla charterturar i Oslofjorden og var sist eigd av Rødne-reiarlaget i Rogaland.

Frå før har selskapet den nyleg ombygde hurtigbåten Gabriele og den tidlegare fjordabåten Bruvik frå 1949.

Slik det ser ut no, blir det likevel vårt beste år innafor cruisemarknaden
Kåre Molvær

(saka held fram under)

Cruise service keiser wilhelm foto cruise service 22
KEISER WILHELM: Den 1990-bygde båten som nå har fått namnet Keiser Wilhelm, er mest kjent under namnet Rygerprinsessen. Foto: Cruise Service

Ligg an til rekordår for cruise
No gler Molvær seg over det som ser ut til å bli en normalsesong for charterturar med cruiseturistar. Talet på anløp er rekordhøgt, noko som lovar godt for aktørar som Cruise Service.

– Men cruiseskipa har ikkje vore fulle, så difor har vi ofte køyrt berre ein tur, i staden for to. Slik det ser ut no, blir det likevel vårt beste år innafor cruisemarknaden, fortel han.

Cruiseturistane utgjer berebjelken i denne delen av verksemda. Auken gjer at dei har auka med åtte nye tilsette i år.

(saka held fram under)

Cruise service gabriele akter 11
OMBYGD: Hurtigbåten Gabriele er bygd om ved Stadyard-verftet og har fått om bord nye motorar og framdriftssystem. Etter kvart kjem det også batteripakke om bord. Foto: Marius Rosbach
Nytt underskott i fjor

Fjoråret enda med eit nytt underskot etter at store delar av driftsgrunnlaget forsvann som følgje av at cruiseturismen låg brakk. Ei omsetning på 28 millionar kroner var også svakare enn året i forvegen (sjå tabell under).

– Vi har styrt etter likviditeten og held hovudet over vatnet, kommenterer Molvær.

Eigarane styrka eigenkapitalen med nær ti millionar i løpet av fjoråret, ved konvertering av gjeld.

Mesteparten av inntektene i fjor kom frå drifta av ei rute mellom Holmestrand og Langøya på Austlandet. Den har sikra stabil inntekt gjennom pandemiåra, samtidig som ulike tematurar med Bruvik har vorte meir populære.

Vi får gjere dette på sunnmørsk vis og ta eit steg av gongen
Kåre Molvær

Nye ruter sett på hald
Cruise Service har hatt planar om både Ålesund-Stad-rute og eit trekantsamband Ålesund-Giske-Alnes. Dei er førebels sett på hald.

– Vi har mange tankar og idear, men vi får gjere dette på sunnmørsk vis og ta eit steg av gongen. No først håpar vi på eit normalår, fortel Molvær.

I fjor fekk dei ti års løyve til å drifte desse rutene frå fylkeskommunen, men dei fell vekk om ikkje drifta er starta i løpet av 2022.

Cruise Service


Årsresultat (i mill kr)
2021
2020
Driftsinntekter
27,9
30,2
Driftsresultat

-1,6

0,4
Resultat før skatt
-4,6
-2,5

Publisert: 07.07.2022 14:38

Sist oppdatert: 07.07.2022 16:06

Mer om