Terje hatløy foto marius 11
HAR FLEIRE SENTRUMSBYGG: Terje Hatløy fekk totalrenovert den kvite sjøbuda i Ulsteinvik. No vil han drive leilegheitshotell her. Hatløy eig også den gul sjøbuda som kan vere aktuell å utnytte på sikt. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Satsar på leilegheitshotell i sentrum

I Ulsteinvik ligg eit kvitt stort trebygg med ei rikhaldig historie. No er det duka for ei ny epoke.

Marius Rosbach
25.10.2021

Terje Hatløy har dei siste åra satsa på eigedom og driv utleige av bustader i sentrum av Ulsteinvik. For kring ti år sidan totalrenoverte - og flytta han bygget som på folkemunne går under namnet «Forbruksforeinga». Her har det kome leilegheiter i tre etasjar.

No tenkjer ulsteinvikaren legge om drifta mot reiselivsmarknaden og korttidsutleige. Bakgrunnen er fleire førespurnader frå folk som har ønska å leige for kortare tidsrom.

– Eg ønsker å legge om til leilegheitshotell. Tanken er å drifte det ved å leige ut på døgnbasis, fortel han til NETT NO.

Trur på eit veksande potensial
Elles i Ulstein er det mogleg for tilreisande å bu på Quality-hotellet og Flø Feriesenter. Hatløy trur det er marknad for fleire aktørar.

– Eg ser på oss som eit supplement, fortel han.

Hatløy trur det er eit veksande potensial innan reiseliv for kommunane som på ytre søre Sunnmøre. Han har delteke på samlingar med andre reiselivsbedrifter, og fortel at stemninga er i ferd med å snu etter tøffe tider for mange under pandemien.

– No er det mykje som skjer og folk er meir optimistiske, etter kvart som samfunnet opnar opp, legg han til.

(saka held fram under)

Forbruksforeinga ulsteinvik terje hatløy leilegheitshotell foto marius 11
28 BUSTADER: Til saman har Terje Hatløy 28 sentrumsbustader. I den tidlegare sjøbuda kalla «Forbruksforeinga», er det blitt moderne og lyse leilegheiter på tre plan. Foto: Marius Rosbach

Søker hjelp til drifta
Den store tidlegare sjøbuda som no er blitt eit moderne bustadbygg, har leilegheiter i ulike storleiker og alle har eige soverom, kjøken og bad. «Bed and kitchen» omtalar han satsinga si som.

– Det er alt ein treng for eit kortare eller lengre opphald, og du kan styre deg sjølv. Mitt inntrykk er at fleire ønsker å kunne vere sin eigen herre. Alle leilegheitene er utstyrt med oppvask og vaskemaskiner, legg han til.

Allereie i dag tilbyr Hatløy vask og vaktmestertenestar til dei som leiger. Med ei omlegging til leilegheitshotell vil desse oppgåvene bli meir omfattande. Hatløy ser difor på jakt etter nokon som kunne tenke seg å bli med i den praktiske drifta.

Har forsøkt seg som guide
Hatløy fortel at mange bedrifter i dag leiger bustader av han for lengre tid. Også desse er ofte ivrige etter å oppleve friluftsliv og turmål i regionen.

– Eg har mellom anna teke med folk på båtturar og vore ein slags guide for fleire. Eg har også syklar og utstyr dei kan låne, fortel han.

Har 28 leilegheiter i alt
Ulsteinvikaren dreiv tidlegare målarforretninga tvers over gata for «Forbruksforeinga»-bygget. No har nokon andre teke over den biten, men Hatløy eig framleis bygget. I tillegg har han eit renovert tømmerhus på naboeigedomen.

I begge desse bygga er det også laga til leilegheiter i ulik storleik. Til saman har Hatløy 28 leilegheiter i sentrum. På sikt har han moglegheit til å «kople saman» sjøbua ved sidan av leilegheitshotellet.

Eg har mellom anna teke med folk på båtturar og vore ein slags guide for fleire
Terje Hatløy

Publisert: 25.10.2021 12:09

Sist oppdatert: 25.10.2021 12:31

Mer om