Investeringar for 21 milliarder på is
Oppdrettselskapa har dratt i handbremsa. Eksportør i Ålesund fryktar skatteauke bremsar laksesalet.
Onsdag kveld hadde Sjømat Norge registrert meldingar om at investeringar for i alt 21 milliardar kroner er lagt på is på grunn av forslaget om grunnrenteskatt på oppdrettsnæringen.
Dei investeringane ville gitt 1200 nye jobber, ifølge bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen.
Regjeringen varsla i førre veke at den vil legge ein grunnrenteskatt på oppdrettselskapa. Skatten er 40 prosent, og kjem i tillegg til den vanlege skatten på 22 prosent.
Lakseeksportør Botholf Stolt-Nielsen åtvarar om at skatteforslaget også vil bremse salet av laks.
Lakseoppdrettarar som sel laks på langsiktige fastpriskontraktar risikerer å måtte skatte av gevinstar dei aldri har fått.
Grunnrenteskatten som regjeringa vil legge på den sjøbaserte oppdrettsnæringa neste år skal bereknast ut frå spotprisen på laks.
Dei store oppdrettselskapa sel opptil halvparten av fisken sin på langsiktige kontraktar med faste prisar, seier lakseeksportør Botholf Stolt-Nielsen i Ocean Supreme i Ålesund.
Tvilar på konsekvensvurdering
Stig spotprisen i kontraktsperioden risikerer oppdrettarane neste år å måtte betale skatt av ein forteneste dei aldri får. Det kan og slå motsett veg.
Stolt-Nielsen sitt poeng er at slik den nye skatten skal bereknast, blir det auka risiko i laksehandelen og dermed gir redusert vilje til å inngå langsiktige fastpriskontraktar.
Butikkane skrur ikke prisen på laks opp og ned frå dag til dag, og vil difor ha fastprisavtalar for å ha kontroll på innkjøpkostnadane. Blir det vansklegare å få langsiktige kontraktar kan det i verste fall dempe etterspørselen etter laks etter Stolt-Nielsen si vurdering.
- Eg trur ikkje Finansdepartementet og Vedum (finansminister Trygve Slagsvold Vedum, red. merk) tenkte så mykje på konsekvensane, seier Stolt-Nielsen.
Store svinginger
Fastpriskontrakter er viktige også for ledda mellom oppdrettar og butikk.
- Det kan vere store prissvingningar gjennom året på laksen, i år har prisane svinga frå vel 50 kr/kg til over 120 kr/kg. Dersom vi ikkje får inngått fastpriskontrakter, vil dette resultere i ein betydeleg prisrisiko for oss som både foredlar og selg laks. Slike prissvingninger vil vanskeleg kunne forsvarast med innteninga ein har hatt i denne delen av verdikjeda, seier Stolt-Nielsen.
Les også
Oppdrettkjemper har avlyst kjøp av ekstra produksjonskapasitet for 550 millionar kroner.
Tafjord hadde henta fram utbyggingsplaner for 100 millionar. No blir dei lagt tilbake i skuffa.
Skatteøkningen for oppdrettselskapene er årsaken, opplyser brønnbåtrederiet Rostein.
Publisert: 06.10.2022 05:00
Sist oppdatert: 11.11.2022 09:58