Hotell havila ivar aasen innfelt diana moldskred foto havila hotel ivar aasen 11
ØRSTA: Hotelldirektør Diana Moldskred (innfelt) ved Havila Hotel Ivar Aasen vil vere sikra auka belegg som følgje av sjukehusavtalen. Foto: Havila Hotel Ivar Aasen
Nytt

Sjukehusavtale sikrar meirinntekter

Tilreisande pasientar skal få overnatte på hotell i Ørsta og Volda.

Marius Rosbach
09.11.2021

Volda sjukehus i Helse Møre og Romsdal har inngått samarbeid med Havila Hotell Ivar Aasen i Ørsta og Volda Turisthotell i Volda.

Avtalen er eit alternativ til å verte innlagt på sjukehuset og oppta ei sjukehusseng, heiter det i ei pressemelding. Avtalen er meint å både gi auka aktivitet for hotella og mindre press på sengene ved sjukehuset.

Hotelldirektør Diana Moldskred på Havila Hotel Ivar Aasen fortel at avtalen er med å sikre arbeidsplassane ved hotellet.

– Ein slik avtale vil vere viktig vidare, både på grunn av den økonomiske situasjonen vi i reiselivsnæringa har stått i, og ikkje minst for den vidare forutsigbarheita, fortel ho til NETT NO.

Har ikkje pasienthotell
Klinikksjef Palma Hånes ved Volda sjukehus håpar avtalen vil gi positive ringverknader for både sjukehuset og lokalt næringsliv. Ho kan ikkje no seie noko om kor mange dei ventar vil nytte seg av tilbodet, og i første omgang er det snakk om ei prøveperiode.

– Vi ynskjer å bruke våre ressursar inne på sjukehusa til direkte helsetenester og til dei som treng det mest, uttaler Hånes i meldinga.

– Då vi ikkje har pasienthotell ved sjukehuset i Volda har vi no inngått avtale med dei nærliggande hotella for å gje eit godt tilbod til pasientar som har lang reiseveg til vårt sjukehus, eller dei som av medisinske årsaker bør vere nær sjukehuset første døgnet etter til dømes ein operasjon, og der det er for langt å reise heim, heiter det vidare.

Tiltru til dei tilsette
Hotella skal gjere sitt beste for at opphaldet til pasientane skal vere både kjekt, hyggeleg og tryggast mogeleg.

– Tilsette på hotella er vande til å drive sørvis, dei er vande til å møte personar i forskjellige fasar i livet og vi har tiltru til at hotelltilsette vil ta seg av også desse kundane på ein god måte, heiter det i meldinga frå sjukehuset.

Publisert: 09.11.2021 10:48

Sist oppdatert: 09.11.2021 12:24

Mer om