NTB Vj4 Zuxf9 I Zo
HØGARE PRIS: Norske eksportørar tener stadig meir pengar på laksen dei sender ut av landet – sjølv om eksportvoluma minkar. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Nytt

Sjømateksporten set stadig nye rekordar

Aukar eksportverdien sjølv om mindre mengde fisk blir eksportert.

03.08.2022

NPK-NTB: Verdien av norsk sjømateksport auka med 23 prosent i juli, samanlikna med same månad i fjor – trass i fall i eksportvoluma for mange viktige artar.

– Medan eksportvolumet for viktige artar som laks, torsk, makrell og sild fall i juli, er det høge lakseprisar som bidreg mest til den gode julimånaden for sjømateksporten, seier konstituert administrerande direktør Børge Grønbech i Noregs sjømatråd.

Noreg eksporterte sjømat for 11,6 milliardar kroner i juli. Det er ein auke på 2,1 milliardar kroner, eller 23 prosent, samanlikna med juli i fjor. Hittil i år har Noreg eksportert sjømat til ein samla verdi av 81,7 milliardar kroner – ein auke på 18,5 milliardar kroner, eller 29 prosent, frå same periode i fjor.

Rekord for laks og aure
Det vart eksportert 96.500 tonn laks for til saman 8,7 milliardar kroner i juli. Verdien auka med 1,8 milliardar kroner, eller 27 prosent, medan volumet fall med 5 prosent, frå juli i fjor. Tendensen var den same for aure. Verdien av aureeksporten auka med 40 prosent til 531 millionar kroner, det høgaste beløpet nokon gong, medan volumet fall med 16 prosent i juli.

Eksportprisen for ei rekkje andre artar og produkt var rekordhøge i juli. Til dømes har klippfisk av torsk og sei og frose heil torsk og hyse aldri vore dyrare. Noreg eksporterte 4.600 tonn frosen torsk til ein verdi av 255 millionar kroner i juli, 32 prosent meir enn i juli i fjor, men volumet fall med 7 prosent.

Klippfiskeksporten fall med 14 prosent i volum, men hadde ein verdi på 358 kroner, 16 prosent meir enn i fjor.

Høgare kostnader
– Etter eit rekordsterkt første halvår, følgjer juli som den beste julimånaden for norsk sjømateksport. Juli var også den sterkaste enkeltmånaden for laks og aure nokosinne. Trass i den sterke verdiveksten til sjømateksporten så langt i år, kan utfordrande tider påverke utviklinga framover, seier Grønbech.

Han poengterer at også norsk sjømatnæring merke verknaden av høg prisvekst og sterk kostnadsvekst.

– Samtidig får folk flest svekte kjøpekraft. I tillegg er logistikken ut til marknadene utfordrande fleire stader. Dette er faktorar som kan bidra til å påverke utviklinga for sjømateksporten, seier Grønbech.

Publisert: 03.08.2022 08:32

Sist oppdatert: 03.08.2022 08:37