Skattesmell på overvurdert eigedom
Eigarane av fire næringsbygg som Kjell Einar Hatløy vurderte i førre veke har betalt til saman minst 100.000 kroner for mykje i skatt i året.
Det er skatteetaten sine reglar for verdivurdering av næringseigedomar som slår negativt ut, sett frå eigarane av næringsbygga si side.
Dess høgare verdi som er sett på næringseigdomen, dess høgare formue og dermed meir å betale i formueskatt.
Dess større avstand til større byar dess større avstand blir det mellom skatteetaten sine standardiserte vurdering og reell marknadsverdi på eigedomane, ifølgje Hatløy.
Standardiserte reglar forenklar verdsetting for skatteetaten, men det fangar ikkje opp at sjansen for alternativ bruk av næringseigedom - og dermed verdien - krympar i grisgrendte område.
Eg har vore ute og takstert ein del eigedomar i det siste, og sprika er store
Store sprik
Om ikkje eigarane tek grep og får ei eiga verdivurdering risikerer dei å betale for mykje i skatt, år etter år.
- Eg har vore ute og takstert ein del eigedomar i det siste, og sprika er store, seier eigedomsmeklar Kjell Einar Hatløy.
Å finne ein skilnad på mellom fem og ti millionar kroner frå marknadsverdi til verdien som er sett etter skatteetaten si standardiserte vurdering, er ikkje uvanleg, ifølgje Hatløy.
Les også
Feil på bygda
Kåre Gunnar Sætre i Sunnmøre Næringsmegling kjenner seg att i det Hatløy fortel.
-Ute på bygda er det veldig ofte veldig feil, seier Sætre om resultatet av skatteetaten sine standardiserte metodar for verdivurdering.
Men også i Ålesund sentrum kan standardisert verdivurderingar gi for høge verdiar samanlikna med reell marknadsverdi, ifølgje Sætre. Det varierer frå eigedom til eigedom, avhengig av kvar den ligg og kva den er regulert til.
Publisert: 23.04.2021 11:05
Sist oppdatert: 23.04.2021 14:19