Skisenter paa bar bakke
FULL STOGG: Bortsett frå ei helg i barnetrekket, har det vore stillstand for skitrekka i Stryn denne vinteren. Maskinar og servicebygg er verd 10,5 millionar kroner, ifølgje rekneskapen. 
Nytt

Skisenter på bar bakke

"Vêret er ein kritisk suksessfaktor for besøk og økonomi." Så enkelt og brutalt kan det seiast når ein driv skianlegg på Vestlandet.

Ivar Myklebust Longvastøl
08.03.2014
Sitatet er henta frå den ferske årsmeldinga til Stryn Vinterski AS, som oppsummerer sesongen 2012-13. Inneverande vinter har ikkje gjort utsiktene lysare verken for stryningar eller andre som driv skianlegg på Nordvestlandet.

Håper på påskesnø

Men når potensielle skiløparar for lengst har lagt ut bilde på Facebook av krokus og andre vårteikn, saumfer den den seige rasen som driv skianlegg i nordvest Yr.no og håper på eit skikkeleg snøfall som kan berge påska.
- Men då må den komme snart, vert det slege fast både nord og sør for fylkesgrensa.

Attraktive Stryn

Stryn Vinterski AS har to skitrekk i eit område som også har eit flott nett av turløyper på grensa mellom Stryn og Hornindal. Attraktivt også for mange ferske hytteeigarar frå Sunnmøre som har fått kort og landfast veg til indre Nordfjord.
Problemet er berre at snøen uteblir og skianlegget har for lite vatn til å produsere nok kunstsnø når temperaturen tillet det.
- Det er berre trist. Vi hadde ope barnetrekket ei helg i slutten av november, og det er alt. Det er utfordrande å drive skisenter utan snø, konstaterer nyvald styreleiar Frank Håheim med ein porsjon galgenhumor.

Minus ein million

For stryningane har ikkje tenkt å gje seg, sjølv om den økonomiske situasjonen er svært anstrengt.
Føregåande sesong (01.07.2012-30.06.2013) gav eit underskot på ein million kroner. Inntektene auka på grunn av ei strålande påske i fjor, men både driftskostnader og renteutgifter voks også kraftig. Eigenkapitalen som ein gong var på solide 11,5 millionar, er krympa til 3,9 millionar.
- Selskapet har store utfordringar med likviditet, skriv styret i årsmeldinga.

Hyttefolket viktig

Stryn Vinterski AS har solide aksjonærar i lokalmiljøet, som Alexandra Hotel og Nordfjord Kjøtt. Den største aksjonæren er Bøanedsætra Hyttegrend AS, selskapet som har vore den største tilretteleggjaren av hyttetomter nettopp i nærområdet kring startpunktet for det nedste trekket (sjå nøkkeltal og aksjonærar i faktaboks).
- Her er 147 tomter selde og dei aller fleste er bygde på, opplyser Frank Håheim, som også er største aksjonær i hytteselskapet.
Blant aksjonærane er forresten Klemet Bø, far til to kjende skiskyttarar frå strøket.
I eit anna felt, Hydla som Otto Vik står bak, er alle 39 tomtene selde, og Vik er i gang med Hydla 2.
- Det er ingen tvil om at dei som har hytte her, utgjer ein stadig viktigare del av grunnlaget for skianlegget, seier både styreleiar Håheim og forgjengaren hans, Jan Erik Sandbakk, i Stryn Vinterski AS.

Fryse gjeld

Men då må det vere snø der.
- Målet vårt er å utvikle anlegget vidare og sikre drifta. Vi skal ikkje ha ein vinter til utan drift, seier Frank Håheim.
- Vi jobbar for å få ein avtale der vi kan fryse gjelda, og vi må forbetre produksjonsutstyret for kunstsnø, seier styreleiaren om arbeidet som pågår.
Stryn Vinterski hadde ei samla gjeld på 7,1 millionar ved utgangen av rekneskapsåret, der 5,5 millionar var langsiktig. Ei kortsiktig gjeld på 1,6 millionar og uteståande fordringar på knappe 250.000 kroner og 30.000 kroner i banken, forklarer den pressa likviditeten.

Veg til Steindalen

For liten kapasitet på vatn fører til at produksjonen av kunstsnø vert lite effektiv og kostbar, noko som må rettast på.
Dessutan jobbar styret for å få tilgang til det andre trekket, i Steindalen lenger oppe, tidlegare i sesongen.
Det kan gjerast ved å investere i stolheis for å frakte skiløparane opp i høgda, men det er lite aktuelt med dagens økonomi. Det andre alternativet er å byggje veg opp.

Utløyser fleire tomter

Det er ein prosess som tek lenger tid, og som involverer Stryn kommune og grunneigarane.
- Ein ekstra gevinst er at ein kan få nye hytteområde i same slengen, seier Frank Håheim.
Så spørst det om det hadde hjelpt denne vinteren, med svært lite nedbør også oppe i høgda. Og som namnet avslører, Steindalen treng ein god del snø for å vise seg frå si beste side.
Som kan vere strålande, det er berre å minne om påska i fjor.
Målet vårt er å utvikle anlegget vidare og sikre drifta. Vi skal ikkje ha ein vinter til utan drift

Publisert: 08.03.2014 06:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:31