3 D Welding Rolf Hjelle innfelt foto Ogne 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
STOPP: Mykje gjekk feil veg etter at Rolf Hjelle offentleggjorde planen om ein høgt automatisert sveiseproduksjon i ny fabrikk i Ørsta. Illustrasjon: 3D Welding/Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Slutt for 3D Welding

Skulle bygge fabrikk og hente heim sveiseproduksjon. Kom aldri i gang.

22.02.2023

Selskapet 3D Welding ville hente heim sveiseproduksjon frå utlandet og bygge fabrikk til 100 millionar kroner i Ørsta.

No er det meldt oppbod og opna konkurs i selskapet.

Den opphavlege planen som vart presentert i 2021 var å starte ein høgt automatisert fabrikk for takkonstruksjonar i år. 3D Welding skulle bli den første fabrikken som skulle etablere seg på Ørsta kommune sitt nye industriområde eit par kilometer aust for sentrum.

Det er selskapet sjølv som har meldt om oppbod og selskapet har opplyst at den samla gjelda i selskapet er 42.923 kroner, og at det ikkje er verdiar i selskapet, står det i kjennelsen frå Møre og Romsdal Tingrett.

9,5 millionar i tilskot
I fjor haust sa sa primus motor og medeigar Rolf Hjelle i 3D Welding til NETT NO at selskapet arbeidde for å legge heile prosjektet på is inntil vidare. Målet var mellom anna å få forlenga fristen selskapet hadde for å kome i gang.

3D Welding fekk 9,5 millionar kroner i tilskot frå Innovasjon Norge, men vilkåret for å få tilskotet var at fabrikken var i gang sommaren 2023.

Dyrare enn venta
Fabrikkbygget viste seg å bli dyrare enn først berekna, og deretter gjekk mykje feil veg for selskapet: Råvarene til produksjonen blei dyrare, valutakursutvikling har vore negativ, rentene er på veg opp og maskiner og utstyr er blitt dyrare. Berre det siste aukar kostnadane med 15 millionar kroner, sa Hjelle i fjor haust.

Ørsta Kommune arbeidde med eit framlegg om å bli medeigar i fabrikkbygget, selskapet sa stopp før framlegget kom opp til avgjerd.

3D Welding er eigd av selskapet 3DW Holding. 3DW Holding er eig av Rolf Hjelle, ifølgje proff.no.

Cecilie Langva er bustyrar i 3D Welding-konkursen. Første skiftesamling er 29. mars.

Publisert: 22.02.2023 09:30

Sist oppdatert: 22.02.2023 10:42