C food norway
FORBRUKERPAKNINGAR: Tidlegare gjekk mesteparten av salet til C Food Norway i bulk, men selskapet har gått meir over til å selje forbrukarpakningar. Foto: C Food Norway
Nytt

Snudde minus til pluss med auka sal

Sjømatselskapet C Food har også sikra ny kapital til vidare satsing.

Marius Rosbach
30.08.2023

C Food Norway i Ålesund lagar sjømat av restråstoff frå kvitfisk og møtte salssvikt for produkta sine under koronapandemien.

No er usikkerheita asiatiske land, spesielt Kina, på veg bort og salet er tilbake i desse marknadene, skriv selskapet i årsmeldinga for 2022.

Pluss etter betydeleg minus i 2021
Situasjonen syner at i talla for rekneskapen for i fjor. Omsetninga auka med kring 20 millionar til meir enn 87 millionar kroner. Samtidig auka kostnadene på langt nær like mykje.

Etter eit betydeleg underskott i 2021, kan selskapet dermed vise til eit lite pluss-tal etter fjoråret (sjå tabell under).

Framleis er det langt opp til rekordinntektene frå 2019 på heile 138 millionar. I år ventar selskapet ei omsetning på linje med 2022, ifølgje årsmeldinga.

C Food Norway
Tal i mill. kroner2021
2021
Driftsinntekt
87,4
67
Driftsresultat
0,8
-5,2
Resultat før skatt

0,5

-5,2

Fekk inn meir eigenkapital
Mot slutten av fjoråret blei det gjort ei gjeldskonvertering, som gjorde at selskapet kvitta seg med gjeld.

I år er det gjort fleire grep. Først gjekk aksjonærane saman om å etablere eit holdingselskap C Food Holding, som eig 100 prosent av C Food Norway.

I sommar blei det skote inn meir aksjekapital – drygt fire millionar kroner - frå eksisterande aksjonærar, kjem det fram i årsmeldinga.

Selskapet C Food som er eigd av Claus Ragnvald Opshaug, er største eigar i holdingselskapet med drygt 45 prosent av aksjane. Simon Dyb Sørnes eig drygt 30 prosent gjennom Tyson As, medan Mercury Mariner er tredje største eigar med knappe 24 prosent av aksjane.

Jobbar med å utvikle fleire produkt
Ålesund-selskapet har i første rekke laga frosne kvitfiskryggar med tørka svømmeblærer, og mykje av salet har gått til Kina og Hong Kong.

Etter at C Food møtte nedgang i Asia har dei kompensert med auka sals- og marknadsinnsats andre plassar i verda.

Samtidig har dei gåande fleire utviklingsprosjekt for å skape nye produkt. Betydeleg av desse kostnadene kjem fram i balanserekneskapen.

Mål om produksjon i heimlandet
Produksjonen held fleire hundre arbeidarar i sving ved fabrikken til partnaren Vietnam Diamond Age i Vietnam. Målet til C Food på sikt er å foredle produkta på heimebane og auke sysselsettinga i Norge.

Restråstoffet som selskapet nyttar i produksjonen, gjekk tidlegare til dyrefor. I delar av Asia blir derimot produkta sett på som ei delikatesse som mellom anna nyttast i suppe.

Publisert: 30.08.2023 05:00

Sist oppdatert: 29.08.2023 22:37

Mer om