Morten holum børsnotering 11
VEKST: Hexagon Purus-sjef Morten Holum.
Nytt

Spår 50 prosent vekst i år

Hexagon Purus 441 millionar i minus i fjor.

25.04.2023

Store investeringar i folk og fabrikkar gjer at Hexagon Purus ventar framleis store underskot, sjølv om selskapet også spår kraftig vekst.

Det går fram av årsrapporten for 2022.

Les børsmelding her

Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar. Hexagon Composistes, som er største aksjonær, lagar tilsvarande tankar og system for natur- og biogass. Begge selskapa har hovudkontor i Ålesund, men storparten av produksjonen i utlandet.

Tresifra million-underskot
Investeringane for vidare vekst, kombinerte med ein generell kostnadsauke, gjer at Hexagon Purus går med tresifra underskot.

Sjølv om lønsemda blir relativt betre reknar selskapet at underskotet målt i krone vil auke også i 2023.

Hexagon Purus skulle opphavleg offentleggjere kvartalsrapporten for 2022 tidlegare i år, men utsette offentleggjeringa i samband med selskapet søkte om å bli flytta frå Euronext Growth til hovudlista på Oslo Børs, der krava til børsnoterte selskap er høgare.

Hexagon Purus ASA
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt372,4258,8
Driftsresultat-134,4-80,4
Resultat før skatt-133,1-81,8
Hexagon Purus ASA
4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt963,9507,7
Driftsresultat-500,6-323,9
Resultat før skatt-440,9-347,3

Publisert: 25.04.2023 07:29

Sist oppdatert: 25.04.2023 09:34

Mer om