Ole André Myhrvold foto ntb scanpix 11
VIL HA LOVARBEID: Ole André Myhrvold, som representerer Østfold for Senterpartiet, seier at om Sp går inn i regjering, vil dei sette i gang eit lovarbeid for å styre straumeksporten. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Nytt

Sp vil kutte krafteksport til Europa

Vil sikre lågare straumpris i Norge.

21.09.2021

(NPK-NTB): Senterpartiet vurderer moglegheita for å stanse overføringa av norsk kraft til det europeiske kontinentet for å sikre lågare straumpris her heime.

Det ligg an til rekordhøge straumprisar i Noreg til vinteren. Forklaringa er tørt vêr, lite vatn i norske magasin og ein høg gass- og CO2-pris i Europa.

– Vi går mot ei varsla straumkrise og prisane er venta å auke. Då meiner Sp at vi omgåande må sjå korleis vi kan avgrense eksporten av straum innanfor dagens lovverk. Viss vi går inn i regjering, vil vi setje i gang eit lovarbeid for å styre straumeksporten, seier Sps Ole André Myhrvold til Dagens Næringsliv.

Heilt konkret meiner Sp at viss Noreg står i tilsvarande situasjonar som i dag, der utanlandskablane gir prissmitte frå skyhøge straumprisar i Europa og norske magasin er tomme - så skal vi sjølv kunne bestemme at vi ikkje ønskjer å eksportere kraft til den europeiske marknaden.

Espen Barth Eide, Arbeidarpartiets energipolitiske talspersonar, er ordknapp om Sp-forslaget.

– I den fasen vi er i no, så er det ikkje noko gale i å sjekke handlingsrommet, men det er viktig å hugse på at vi både eksporterer og importerer straum. Då må ein tenkje på konsekvensane. Kraftutveksling går begge vegar, og delar av året er vi avhengig av import, seier Eide til DN.

(©NPK)

Publisert: 21.09.2021 09:09

Sist oppdatert: 21.09.2021 09:25

Mer om