Martha Rehnberg foto marius 33
«TEKNOLOGINERD» OG POLITISK ØKONOM: Martha Rehnberg er «teknologinerd» og politisk økonom, og trekkes fram blant de fremste i Europa til å forstå den teknologiske utviklinga – og utfordringane som følgjer med. Denne veka inspirerte ho toppleiarar på Ikuben-samling i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Berekraftekspert for EU-kommisjonen inspirerte lokale toppleiarar

– Den knappaste ressursen er fantasien vår, seier ho og gir norsk næringsliv strykkarakter på sirkulærøkonomi.

Marius Rosbach
03.09.2022

– Om du verkeleg meiner at bedrifta satsar på teknologi og innovasjon, så held du deg oppdatert på vitenskap og forsking, seier Martha Rehnberg og rettar ein finger ut mot personane i rommet.

Tilhøyrarane deltar på Ikubens tenketank for toppleiarar som hadde samling på Skaparhuset i Ulsteinvik denne veka. Den svenske økonomen, gründeren og foredragshaldaren er direkte og tydeleg i kva krav som gjeld.

Det held ikkje å lese The Guardian for å seie det slik, men søke til forskinga sjølv, eller i det minste vitenskaplege tidsskrifter.

– Det er deres ansvar som leiarar, påpeiker Rehnberg.

Ikuben har fleire gonger nytta Rehnberg til å inspirere deltakarane i tenketanken. Ho er sjølv medgründer av tenketanken Dare Disrupt i Københamn, og utdanna politisk økonom og ekspert på 3D-teknologi.

Teknologi som «alliert», eller «fiende»
– Teknologien står verkelig i eit «make it or break it»-augneblink akkurat no, seier Rehnberg når vi ber ho oppsummere sitt viktigaste bodskap til deltakarane.

Ho er svoren teknologioptimist, men peiker på at menneske sin bruk av teknologi er årsaka til at vi no har ei klimakrise. Samtidig er vi avhengige av teknologien for å løyse utfordringane.

Teknologien står verkelig i eit «make it or break it»-augneblink akkurat no
Martha Rehnberg

– I denne korsvegen som teknologien står i, kan den vere vår beste allierte og vår verste fiende. Vi kan nytte den til å utvikla nye forretningsmodeller der vi kan endre forbrukarane sine val og heile industrier.

– Men vi kan også bruke teknologien til å gjere eksakt det same som vi har gjort heile tida, berre meir effektivt og med meir flyt og alt det der.

– Samfunnet treng betre visjonar
Rehnberg meiner det er avgjerande å kunne sjå skilnaden i dei to ulike måtane å tenke på. Det er óg noko av det viktigaste ho vil gjere tilhøyrarane sine i stand til å gjere.

– Det er viktig å sjå skilnaden på når vi berre reproduserer status quo, og når vi brukar teknologien til å verkeleg skape endring, legg ho til.

– Vi står også i ei tid der samfunnet treng betre visjonar. Vi er ikkje betre enn vi er i stand til å forestille oss framtida. Eg brukar difor seie at den knappaste ressursen i dag er fantasien vår, seier Rehnberg vidare.

Det meiner ho blir endå viktigare i ei tid då framtida for mange opplevast som usikker med energi- og klimakrise og krig i Europa.

– Du kan ikkje klare dei utruleg store endringane som krevst, utan å vise folk at det livet er betre, enn det livet du har no.

Martha rehnberg tenketank for toppledere ikuben foto marius
TENKETANK FOR TOPPLEIARAR: Martha Rehnberg har fleire gonger vore innleigd for å inspirere deltakarane på Ikubens tenketank for toppleiarar. Denne veka hadde dei samling i Ulsteinvik. Foto: Marius Rosbach

Utsending til EU-kommisjonen
Den populære føredragsholdaren er utvald av den danske regjeringa og EU-kommisjonen for at ho skal hjelpe Europa til å få opp tempoet når det kommer til berekraft.

Ho snakkar om sirkulærøkonomi, og at det å berre halde ressursane ved like, ikkje er godt nok.

– Å vere klimanøytral er ikkje nok for å løyse klimakrisa. Vi må i staden gi tilbake og regenerere planeten med forretningsmodellane våre, fortel ho.

«Ikkje godkjent» på sirkulærøkonomi
– Ikkje godkjent, er den korte oppsummeringa hennar av kvar Norge står i arbeidet med å gjere økonomien meir sirkulær.

Ifølgje materialstrømanalysen The Circularity Gap Report går kun 2,4 prosent av ressursene vi bruker i Norge tilbake til kretsløpet.

– Men Sverige er ikkje mykje betre, legg ho til.

«Kulturen for status quo», er største utfordring
Rehnberg meiner kulturen i ein organisasjon gjerne er den største utfordringa for mange leiarar til at dei verkeleg klarar å innover seg slike spørsmål i ein kvardag fylt med rekneark, avtaler og e-postar.

– Kulturen for status quo, kallar ho det sosiale presset for å «helde fram som før».

Om ein leiar kjem inn med tankar som er grunnleggjande annleis – eller disruptive – kan det opplevast som å forsøke endre språket ein brukar.

Vi er flokkdyr og det kan vere vanskeleg å vere den som bryter ut og er «first mover»
Martha Rehnberg

– Vi er flokkdyr og det kan vere vanskeleg å vere den som bryter ut og er «first mover», legg ho til.

Ho håpar at leiarane som deltek på programmet i tenketanken, kan vere ein støtte for kvarandre i slike prosessar. Samtidig kan det vere bra og ha nokon som held deg ansvarleg i eit slikt arbeid.

– Dei kan holde kvarandre litt i nakken, og seie frå når nokon faller ned i det «the implemental bullshit» og treng å tenke meir radikalt, påpeiker Rehnberg.

Publisert: 03.09.2022 05:00

Sist oppdatert: 06.09.2022 17:56

Mer om