Jølstra Vasskraftverk foto SFE
REGN: Fyllingsgraden i vassmagasina på Aust- og Vestlandet ligg over sesongnormalen. Her illustrert ved Jølstra Vasskraftverk. Arkivfoto: SFE
Nytt

Straumprisane synk

Fyllingsgraden i vassmagasina aukar samstundes som Aust- og Vestlandet får lågaste døgnpris i Europa torsdag.

19.07.2023

Vassmagasina i Noreg hadde ei fyllingsgrad på 70,5 prosent førre veke, altså veke 28. Det er ein auke på 3,1 prosentpoeng frå veka i førevegen.

Det viser den vekefaste magasinstatistikken frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Fyllingsgraden over normalen
I Aust-, Sørvest- og Vest-Noreg låg fyllingsgrada over det som er normalen for denne tida av året.

For magasina i Aust-Noreg låg nivået på 85,64 prosent, opp 3,3 prosentpoeng frå veka før. I Sørvest-Noreg låg nivået på 70,53 prosent, opp 2,7 prosentpoeng frå veka før. I Vest-Noreg låg nivået på 71,73 prosent, opp 4,8 prosentpoeng frå veka før.

Midt-Noreg trekk ned snittet
Den samla grada er lågare enn normalen for same periode dei siste 20 åra, som er eit nivå på 71,9 prosent. Det er magasina i Midt- og Nord-Noreg som trekk ned.

I Midt- og Nord-Noreg låg fyllingsgraden under det som er normalen for denne tida av året. For magasina i Midt-Noreg låg nivået på 68,78 prosent, opp 3,6 prosentpoeng frå veka før. I Nord-Noreg låg nivået på 65,77 prosent, opp 2 prosentpoeng frå veka før.

Aust- og Vestlandet med lågaste døgnpris i Europa
Straumkundar på Austlandet og Vestlandet betaler berre 18 øre/kWh torsdag. Det er den lågaste døgnprisen i heile Europa.

Det er første gong sidan november 2022 at Aust- og Vestlandet har Europas billigaste straum i løpet av ein dag. Det skriv bransjenettstaden Europower.

Prisane held seg stort sett låge over heile landet torsdag. I Midt-Noreg og Nord-Noreg ligg døgnprisen på berre 23 øre/kWh. Like godt er det likevel ikkje på Sørlandet, som i snitt må betale rundt 65 øre/kWh i løpet av dagen.

Juli er på veg til å bli den billigste straummånaden for kundar på Aust- og Vestlandet sidan Noreg hadde uvanleg låge prisar i 2020.

Publisert: 19.07.2023 15:19

Sist oppdatert: 19.07.2023 15:19

Mer om