Augmentcity torgeir waterhouse foto offshore simulator centre kjetil 11
TEKNOLOGI: Offshore Simulator Centre i Ålesund er i førarsetet på simuleringsteknologi. Torgeir Waterhouse (innfelt) meiner at det vil kome enorme teknologiske endringar, men at det til sjuande og sist må vere menneska som bestemmer kva som er lov, eller ikkje. Foto: Offshore Simulator Centre/Kjetil Haanes
Nytt

- Vi er praktisk talt ingen – difor må vi vere best

Torgeir Waterhouse meiner at Norge må verte av dei fremste på teknologi om vi skal ha ein sjanse i framtida.

24.10.2021

- Vi er færre menneske i Norge enn feilmarginen på folketeljinga i India. Vi er praktisk talt ingen. Difor må vi vere best i verda.

Det sa Waterhouse under eit foredrag ved Tussa IKT sitt 20-årsjubileum.

Waterhouse har blant anna bakgrunn frå Forbrukarrådet med ansvar frå media og IT, samt frå IKT Norge der han hadde ansvar for internett og nye medier. Han er no partner i selskapet Otte.

- Programmerarane bestemmer

Han meinte at mykje av fokuset framover ville dreie seg om politikk gjennom regulering av teknologien, ein teknologi som vert gjennomgripande på alle felt, og der det trengst regulering ettersom det er mange aktørar som ønsker å styre både folk og verda.

- For lenge sidan var det kongar som styrte verda, så var det prestar, og så kom ein periode med forvaltning og politi.

- No er det programmerarane som bestemmer. Dei veit det gjerne ikkje sjølv, men dei bestemmer, sa Waterhouse, som meinte at ein vil sjå ei utvikling der samfunnet vil regulere teknologi.

20211021 195421
KOMPETANSE: Stein-Erik Vellan (t.h.) meiner at det er viktig at kompetanseutviklinga skjer i heile landet, ikkje berre i dei store byane. Her saman med Torgeir Waterhouse. Foto: Kjetil Haanes
No er det programmerarane som bestemmer. Dei veit det gjerne ikkje sjølv, men dei bestemmer
Torgeir Waterhouse

Kamp om minerala
Han sa at neste verdskrig fort kan kome til å dreie seg om mineral, ikkje om tilgangen til vatn, som mange har spådd.

- I Norge har vi trudd at vi ikkje har så mykje mineral. Men så viser det seg at vi under havbotnen har dei minerala som verda treng.

- Her kan vi få ein ny æra på linje med oljealderen.

Han viste til at den teknologiske utviklinga går lynkjapt.

- Eg er sikker på at den eldste mobiltelefonen i dette romet har meir datakraft enn samtlege datamaskiner som var involverte for å gjennomføre den første månelandinga, sa Waterhouse til deltakarane på konferansen.

Fokus på sikkerheit

Han håpte at alt snakket om digitalisering snart forsvann.

- Det er på same måte som at vi tidlegare sa elektrisk lys. Folk forstår kva du meiner når du berre seier lys.

Når det gjeld 5G-utbygginga, meinte Waterhouse at det i stor grad dreia seg om å styrke sikkerheita.

- Vi skal benytte vanvittig mykje meir data enn vi gjer i dag, men vi må gjere det rett.

- Noko av det viktigaste vi kan gjere i arbeidet med teknologi er å få advokatane ut av romet. Dei kan kome inn når vi vorte samde om korleis vi skal gjere det.

Han sa at vi står framfor ein ‘sea of data’, noko som var mykje større enn ‘big data’.

- Vi står framfor enorme endringar. Men vi må ha kontroll. Det er menneske som må bestemme.

Viktig gaming
Telia Norge-sjef Stein-Erik Vellan sa på konferansen at Telias 5G-utbygging blant anna kom til å revolusjonere gaming.

- Gaming er ein industri som vil føre til mykje anna utvikling, nesten som på linje som forsvarsteknologien.

Han åtvara mot oppfatninga om at det berre er litt fråverande 18-åringar som låser seg inn på guteromet som driv med gaming.

- Gaming skaper ei rekke mulegheiter. Ungdomane sit ikkje og rotnar bak pc-en. Her kommuniserer dei.

Heile landet
Han rosa utvikling til Tussa IKT.

- Det er viktig for utviklinga av Norge at utviklinga av kompetansebedrifter ikkje berre skjer i Oslo og dei andre store byane.

- For at vi skal lukkast som nasjon, må kompetansen byggjast i heile landet.

Ungdomane sit ikkje og rotnar bak pc-en. Her kommuniserer dei
Stein-Erik Vellan

Publisert: 24.10.2021 05:50

Sist oppdatert: 24.10.2021 07:10

Mer om