Norpartners Gunars Ansinš Ivar Gaustad Lauritz Skeide foto Liepaja SEZ Authority Aigars Prusis 11
NYETABLERING: Selskapet Norpartners har vore i Latvia i fleire tiår. No har dei etablert seg i hamnebyen Liepāja. Nyleg var Lauritz Skeide (t.h.) og Ivar Gaustad (midten) i Lativa og deltok på ei markering med ordførar Gunars Ansinš. Foto: Liepaja SEZ Authority - Aigars Prusis 11
Nytt

Tar godt i mot sunnmørssatsing

Industriklynge frå Nordvestlandet veks i Latvia. No utvidar Norpartners med produksjon ved eigen kai.

Marius Rosbach
20.12.2021

Den latviske innlandsbyen Saldus er base for ein rekke industribedrifter der dei fleste har tilknyting til Nordvestlandet. Sunnmøringen Ivar Gaustad var den første norske forretningsmannen som etablerte seg i byen, gjennom selskapet Norpartners på 1990-talet.

No er dei også første norske selskap som etablerer seg i hamnebyen Liepāja. Norpartners lagar og leverer ein rekke ulike produkt i kompositt, som blir frakta frå Saldus ut til kysten.

– Vi har behov for å frakte større leveransar via hamn og har kjøpt ein godsterminal. Her skal vi også ha produksjon og sammenstilling av større komponenter, forteller daglig leder Lauritz Skeide til NETT NO.

Meir om industriklynga i Saldus

Ti norske bedrifter med ei omsetning på kring ein halv milliard held til i den latviske byen Saldus.

Ivar Gaustad og Norpartners var først ute med å etablere seg i 1994. Konsernet som er eigd og administrert frå Sunnmøre, har i dag fem dotterselskap her.

Andre selskap som held til i Saldus er Libra-Plast og Jets, som begge er eigd frå Hareid, Gjerdsvika-bedrifta John Gjerde og Karlsberg frå Ålesund.

I fjor etablerte også fiskeutstyrsleverandøren Frøystad frå Sunnmøre seg i Saldus.

Norpartners transport foto norpartners 11
KREVJANDE TRANSPORT: Store deksel som skal beskytte installasjonar under vatn kan vere krevjande å transportere landevegen. Med produksjon og sammenstilling ved eige kai, vil logistikken gå lettare. Foto: Norpartners

Produkta blir stadig større
Skeide fortel at logistikken med store transportar på landevegen, ofte kan vere utfordrande ettersom produkta stadig blir større

– Vi lagar mellom anna deksel som skal beskytte subseainstallasjonar på havbotnen. Desse blir berre større og større, fortel han.

Saman med auka aktivitet, har behovet for eit eige anlegg difor vekse fram. I Liepāja vil dei ha 400 meter kai og gode tilkomstmoglegheiter til ei hamn som er isfri heile året.

– Veldig godt motekne

Det er eit ønske frå lokale styresmakter om auka aktivitet i hamnebyen. Liepāja har sidan slutten av 1990-talet vore ei spesialsone i EU som gir bedrifter gode betingelsar.

Etableringa til Norpartners blei mellom anna teke omtala i landets største næringslivsavis.

– Vi er blitt veldig godt motekne av styresmaktene med ordføraren i spissen, fortel Skeide.

Nyleg var dei i byen for å markere satsinga, og då stilte endog ordføraren opp for å tenne julelysa og overlevere byflagget.

(saka held fram under)

Norpartners godsterminal latvia foto norpartners 11
400 METER KAI: Norpartners var første norske selskap til å etablere seg i hamnebyen Liepāja. Her har dei kjøpt kring 50 mål mellom anna med 400 meter kai. Foto: Norpartners

Rekordår i fjor
Norpartners er i dag eit konsern med fem selskap i Latvia. Kontoret i Fosnavåg står for administrasjon, utvikling og salg, medan produkta blir laga hos dotterselskapa.

Konsernomsetninga nådde nye rekordnivå i 2020 med ei samla omsetning på 64 millionar kroner. Resultatet før skatt enda på 9,1 millioner, som gir solide 14 prosent i resultatmargin.

– Vi er godt fornøgd med fjoråret. I 2021 endar vi på om lag same omsetning, men med betre marginar, fortel Lauritz Skeide.

Hovudverksemda er komposittprodukt til alt frå transportsektoren og skip, til kraftbransjen, offshore og oppdrett. I tillegg lagar dei mellom anna «sandwichpanel» i selskapet Scanpanel som blir nytta i påbygg til lastebilar gjennom selskapet Eurotruck.

Norpartners eig også rekneskapsbyråret Samaco, som gjer bokføring og andre oppgåver for konsernet.

Vi er godt fornøgd med fjoråret. I 2021 endar vi på om lag same omsetning, men med betre marginar,
Lauritz Skeide

Lite råka av pandemien
Verksemda til Norpartners er i liten grad råka av koronapandemien. Skeide fortel at langsiktige avtaler med faste kundar gjer dei mindre utsett for svingningar, slik mange har opplevd det siste halvanna året.

– Vi har kring 15 strategiske kundar som vi har føreseielege rammeavtaler med, legg han til.

Blant kundane er til dømes Kystverket, store offshoreselskap og lokale bedrifter som Jets og Libra-Plast.

Libra-Plast-eier Arne Lillebø frå Brandal er no største eiagar i Norpartners med 53 prosent av aksjane via selskapet Libra Group. Ivar Gaustad sitt selskap IMO Invest eig 44 prosent.

Gaustad leia selskapet gjennom ei årrekke, men gjekk over i rolla som forretningsutviklar etter at Lauritz Skeide starta som dagleg leiar ved årsskiftet.

Publisert: 20.12.2021 05:55

Sist oppdatert: 19.12.2021 16:31