Kultur næring og folkehelseutval mr skjermfoto 11
NETTMØTE: Politikarane i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal vedtok torsdag ei uttalale der dei går i mot regjeringa sitt forslag til grunnrenteskatt for oppdrett. Skjermfoto: Mrfylke.no
Nytt

Tommelen ned for lakseskatten

Fylkespolitikarane vil ikkje har grunnrenteskatt på oppdrettsbransjen slik regjeringa har foreslått.

Marius Rosbach
24.11.2022

Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal vedtok torsdag ei uttale der dei går mot regjeringa sitt forslag til lakseskatt, slik den no ligg føre.

Fylkespolitikarane meiner sekundært ein kan vurdere ei trinnvis innføring av skatten.

Anledninga er den mykje omtala høyringsrunda om forslaget, som fylkeskommunen no skal uttale seg om. Vedtaket skal vidare til endeleg vedtak i fylkesutvalet 28. november.

Vil først greie ut konsekvensane
Britt Giske Andersen (V) la fram forslag til eit nytt første punkt i vedtaket, som fekk fleiretal. Dette var i stor grad var likt som forslaget frå fylkeskommunedirektøren.

Fleirtalet understrekar i vedtaket at dei første ønsker ei utgreiing som både vurderer det totale skattetrykket for havbruksnæring og kva konsekvensar høgare skattetrykk vil få for sekunderærnæringar.

På Nordvestlandet har det til eksempel vore sterk uro i leverandørindustrien om korleis lågare aktivitet vil slå ut i denne delen av verdikjeda.

Vil skjerme mindre oppdrettarar
Eit langt høgare botnfrådrag er mellom endringane fylkespolitikarane ønsker seg, for å oppnå regjeringa sitt mål om å skjerme dei minste oppdretterane.

Utvalet påpeiker også på at det er uheldig at grunnrenta tek utgangspunkt i ein periode med ekstraordinær lønsemd.

Dei ber vidare om at faktisk pris bør ligge til grunn for fastsetting av skatten. Det siste har regjeringa nyleg påpeika er hensikta frå deira side.

Vil trekke frå alle investeringar
Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal meiner óg at det må vere mogleg å trekke frå faktiske kostnader knytt til investeringar i andre deler av verdikjeda, heiter det i vedtaket.

Regjeringa ønsker å innføre grunnrenteskatten frå årsskiftet, men høyringsrunda blir avslutta før 4. januar.

Det ligg an til fleirtal for å innføre skatten, men den konkrete utforminga blir ikkje klar før Stortinget har gjort eit endeleg vedtak neste vår.

Publisert: 24.11.2022 12:53

Sist oppdatert: 24.11.2022 14:42

Mer om