Onsdag blei det klart at Evotec hadde sikra seg sin største kontrakt nokon gong med Rem Offshore.
Utstyret skal nyttast til å handtere store modular og installasjonar som skal plasserast på havbotnen.
Teknisk sjef Arvid Horn hos operatøren Deepocean og offshore-manager Geir Hovden trur Evotec-løysinga kan ha stort potensiale.
– Det har ikkje vore bygd noko nye system for modulhandtering på over ti år. Samtidig er det veldig boom i olje- og gass med behov for meir utstyr, fortel Hovden til Nett No.
– Får det meir skreddarsydd
Då Rem Offshore fortalde om oppdraget og nybygget i november blei det samtidig kjent at partnarane allereie hadde samarbeida i eit par års tid før dei landa på ein avtale.
Ørstingen Geir Hovden har vore med i arbeidet frå starten av.
Subseaselskapet starta å utvikle skipet saman med designarane i Skipsteknisk allereie i 2022. Deretter blei Rem Offshore involvert.
Hovden meiner Evotec sitt arbeid med produktutvikling gjennom det som er kalla olje- og gasskrisa, er årsaka til at dei landa på ein avtale med dei.
– Vi får nyutvikla og energieffektive løysningar satt saman i eit skreddarsydd og framtidsretta system, seier Hovden.
– Dei har teke produkt frå si portefølje og sett det saman litt annleis slik at det passar oss, legg han til.
Arvid Horn er samd med sunnmøringen. Duoen fortel at Evotec har vore meir «på» enn andre aktørar.
– Andre leverandørar ville helst levere det same som dei gjorde i 2014, medan Evotec hadde nyutvikla teknologi og ville køyre med den, seier Horn.

Heilelektrisk løysing
Entec- og Evotec-sjef Jogeir Romestrand omtala kontrakten om eit resultatet av eit klassisk klyngesamarbeid mellom utstyrsleverandør, kunde og sluttbrukar.
To kriteria har stått øvst på lista til Deepocean undervegs:
Løysinga må vere miljøvennleg og redusere behovet for energi om bord i båten.
Evotec sitt utstyr er heilelektrisk, i staden for den tradisjonelle bruken av store hydrauliske aggregat.
– Vi nyttar berre den effekten vi treng, akkurat som på ein elbil, seier Arvid Horn.
Og på same måte som ein elbil kan generere straum i nedoverbakke, hentar dei ny energi når dei nyttar Evotec sine vinsjar til å plassere utstyr på havbotnen.

– Kan nyttast i eit utal andre samanhengar
Hovden fortel at det knapt har vore teknologiutvikling på vinsjar og modulhandtering i offshore dei siste åra.
Evotec har på si side dei siste åra har levert mykje utstyr til fiskerimarknaden. Her har dei utvikla nye elektriske vinsjar – som no kan finne nye marknader, meiner Deepocean-duoen.
– Komponentane som Evotec lagar kan nyttast i eit utal andre samanhengar, utover modulhandtering, seier Hovden.
Erfaringa med dei ulike komponentane frå andre marknader og tryggheit kring behov for vedlikehald, var óg avgjerande for at Evotec sikra leveransane på Rem Offshore-skipa.
– Vi må vere sikre på at vi får hjelp om 25 år, og det føler vi at vi har fått ein tryggheit for, seier Hovden som sjølv er mellom dei som skal følgje bygginga ved Myklebust Verft etter kvart som skroget kjem til Sunnmøre.
Publisert: 19.12.2024 05:00
Sist oppdatert: 19.12.2024 01:21