Trur på gjennomslag for biometanol
Om alt går som Glocal Green trur, er investeringa på fleire hundre millionar i Gudbrandsdalen berre første av fleire anlegg.
Denne veka blei det kjent at Åleund-selskapet Glocal Green er komne eit nytt steg på vegen til å realisere sin første fabrikk for produksjon av biometanol.
Det anerkjende konsulentselskapet Rambøll er hyra inn for å lose reguleringsarbeidet trygt i hamn for prosjektet på Øyer i Gudbrandsdalen.
– Vi kjem nærare på alle måtar, seier dagleg leiar Dag Nikolai Ryste i Green Glocal til NETT NO.
Selskapet har tidlegare opplyst at investeringa med tre byggesteg av produksjonsanlegget vil vere på 450-500 millionar kroner.
Startar produksjon i Sverige i år
I løpet av året reknar dei med å starte produksjon i Sverige i samarbeid med Luleå Tekniske Universitet (LTU). Planen er at det arbeidet skal legge grunnlaget for oppskalering i Norge.
– Om alt går etter planen kan vi vere i gong med produksjon på Øyer i 2025. Og det blir nok fleire fabrikkar, legg Ryste til.
Rambøll er i gong med reguleringsarbeidet på tomta på Øyer. Kva tid spaden kan settast i jorda her, er avhengig av den politiske behandlinga av saka. Samtidig treng dei avklaring etter forskrifta for storulukker frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap .
Ryste påpeiker at dei opplever velvilje og draghjelp både frå kommune, fylkeskommune og Statsforvaltar.
Les også
Fleire vil nytte biometanol
Skipsfart er mellom områda som har peika seg ut som spesielt interessant bruksområde, og ein rekke store reiarlag har annonsert at dei planlegg å nytte biometanol.
Ryste er overtydd om at det er ein stor marknad for metanol på ulike måtar.
Då Glocal Green for nyleg hadde seminar med kring 80 tilhøyrarar på Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK), fekk dei høyre at det var få prosjekt både av ombygging og nybygg som ikkje inkluderte biometanol.
– Det er gledeleg for oss å registrere ei slik utvikling, etter at vi har misjonert om denne løysinga i lengre tid. No ser det endeleg ut til at det skjer noko, seier Ryste.
Det er gledeleg for oss å registrere ei slik utvikling, etter at vi har misjonert om denne løysinga i lengre tid.
Først til å tilsette hydrogen
Energien for å lage biometanol kjem i hovudsak av flis frå tømmerhogst, men også slam frå fiskeoppdrett kan nyttast. I tillegg skal fabrikken til Glocal Green tilsette hydrogen.
Det aukar volumet av bio-e-metanol-et ved å utnytte alt grønt karbon frå biomassen.
Poenget er naturleg nok å tilby drivstoff uten utslepp.
Fabrikken på Øyer vil vere først i Norge til å nytte hydrogen til metanolproduksjon, men Ryste trur ikkje det skal by på utfordringar.
– Det er kjent teknologi og utviklinga er å modellere dette saman. Vi trur ikkje det vil stå på regulative forhold, seier Ryste.
Norwegian Hydrogen-samarbeid
Glocal Green samarbeidar også med Ålesund-selskapet Norwegian Hydrogen.
– Vårt felles mål er å utvikle grønne hub-ar for produksjon og leveranser av grønn energi – elektrisitet, hydrogen og bio-e-metanol, legg Ryste til.
Publisert: 18.03.2023 05:00
Sist oppdatert: 17.03.2023 22:42