Sjukehusopprop Runar Paulsen Gunvor Ulstein Lene Trude Solheim Ivar Østrem foto Marius Rosbach 11
GLADE FOR STØTTA: Runar Paulsen (t.v.) og Ivar Østrem frå Foreningen Sjukehuset Vårt er glade for støtta frå mellom anna Ulstein Group-eigar Gunvor Ulstein og leiar Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Uroa for manglande satsing på sjukehuset

Eit gamaldags sjukehus er ein hemsko for utvikling i heile regionen, påpeiker brei allianse frå næringslivet. Ber staten sleppe opp bremsa.

Marius Rosbach
02.12.2022

Ein brei allianse frå næringslivet tek til orde for at staten stiller med lånegarantien som skal til for å kome i gong med den planlagde utbygginga ved Ålesund sjukehus.

– Sjukehuset er del av den infrastrukturen som er grunnleggande for å utvikle eit samfunn, påpeiker Gunvor Ulstein engasjert.

– Ein utruleg viktig motor
Den mangeårige bedriftsleiaren viser til at eit oppdatert sjukehus gir ringverknader, som mellom anna gjer det enklare for næringslivet å rekruttere tilsette dei er avhengige av.

– Det er ein utruleg viktig motor i den vidare utviklinga av regionen, seier ho.

Ulstein meiner næringslivet, akademia og sjukehusmiljøet i regionen har vore flinke til å jobbe saman om å nytte mulegheitene. Om sjukehuset må halde fram i ein utdatert bygningskropp, fryktar ho konsekvensane.

– For å trekke til seg kvalifisert arbeidskraft, må ein ha ein moderne infrastruktur, legg ho til.

Ålesund sjukehus utbygging ny hovudinngang illustrasjon Helse Møre og Romsdal 11
UTBYGGING: Universelt utforma adkomst og ny hovudinngang i nord er mellom planane for utviding ved Ålesund sjukehus. Det er óg planar om nytt bygg for akutt-, operasjon- og intensivavdelingar. Illustrasjon Helse Møre og Romsdal

Blir støtta av ei rekke aktørar
Ulstein Group er berre ei av ei rekke bedrifter, som har skrive under oppropet som torsdag blei lagt fram hos Næringsforeningen Ålesundregionen.

På lista over næringsaktørar som støttar kravet, er også Vard-konsernet, Brødrene Jangaard, Bunker Oil, Ocean Supreme og Brødr. Sperre.

Vidare finn vi Entreprenørforeningen Bygg og Anlegg, Maskinentreprenørenes Forbund, Mafoss og ÅKP. I oppropet ber dei staten stille lånegarantien på 800 millionar kroner, som er nødvendig for å sette i gong med utvidinga.

Meir om oppropet

I oppropet frå næringslivet blir det vist til at regjeringa har innstilt på at Helsedepartementet ikkje skal gi den nødvendige garantien for ei låneopptak på 800 millioner kroner. Det gjer at den planlagde utvidinga ved Ålesund sjukehus med eit nytt bygg for akutt-, intensiv- og operasjonar, blir utsett inntil vidare.

Næringslivet på Sunnmøre er sterkt bekymra for konsekvensen ei slik beslutning frå regjeringa, heiter det mellom anna.

  • Sjukehuset i Ålesund vil potensielt ikkje kunne levere likeverdige helsetenester til sine innbyggarar samanlikna med andre regionar i Norge.
  • Ein senare oppstart av utbygginga ved Ålesund sjukehus vil i ei periode kunne svekke delar av kreftdiagnostikk og behandling.
  • Ålesund sjukehus er ein stor kompetansearbeidsplass og manglande utvikling ved sjukehuset kan redusere regionen sin attraktivitet med tanke på å tiltrekke seg nødvendig arbeidskraft.
  • Regionen må ha offentlege tenester på nivå med resten av landet, og vil tape i konkurransen om arbeidskrafta, om ein ikkje har ein teneleg infrastruktur etter dagens standard.
  • Manglande utvikling vil kunne representere ei svekking for utdanninga ved NTNU i Ålesund både med tanke på sjukepleiarar, legar og ingeniørar, samt øvrege spesialiserte fagområde ved Ålesund sjukehus.
  • Bygningsmassen ved Ålesund sjukehus er utdatert og internlogistikken uhensiktsmessig, som gir svært krevjande arbeidsforhold for de tilsette. Vidare effektivisering av drifta blir vanskeleg utan de planlagte investeringane.
  • Dagens bygningsmasse er uhensiktsmessig og understøtter ikke dagens krav til smitteisolat, pasientskjerming og observasjonspost, og operasjonsstuene er for få og for små.

Trur ikkje løpet av køyrd
Runar Paulsen i Foreningen Sjukehuset trur ikkje løpet er køyrd, sjølv om garantien ikkje kom med i budsjettavtalen mellom regjeringspartia og SV.

– Vi har seinast vore i kontakt med Høgre-politikar Helge Orten i dag, som ber oss innstendig om å halde trykket oppe. Vi håpar at dette initiativet vil vere med å løfte saka, seier han.

Paulsen viser til at utygginga også kan vere viktig for sysselsettinga i regionen, i ein periode då fleire vil møte nedgang.

Lakseskatten gjer at mykje av det som skulle ha vore investert, blir sett på hald. Så kjem bygg- og anlegg, der mykje stoppar opp frå årsskiftet, seier han.

Risikerer tap utan investeringane

Det høyrer óg med til historia at bygginga av eit nytt kollektivløysing på nordsida av sjukehuset – som ligg inne i bypakkearbeidet – er avhengig av at investeringane ved sjukehuset også blir gjennomført.

Paulsen påpeiker at garantien strengt tatt ikkje kostar pengar over statsbudsjettet – men at det er eit systemkrav som gjer den nødvendig.

– Om dette blir sett på vent, så blir ikkje dei økonomiske forventingane sjukehuset har sett seg oppfylt. Dermed går heile helseforetaket på eit økonomisk tap, legg Ivar Østrem i foreninga til.

Publisert: 02.12.2022 05:00

Sist oppdatert: 02.12.2022 07:44

Mer om