Kristin Krohn Devold Tom Anker Skrede Foto Marius Rosbach 11
ÅLESUND: Direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold saman med reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. Begge er optimistar på vegner av bransjen. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Utlendingane kjem ikkje for sol og finvêr

Reiselivet på Nordvestlandet ligg an til nytt rekordår. Og trur på fleire klimaturistar.

Marius Rosbach
01.09.2023

Det var en optimistisk reiselivsbransje i regionen som møtte politikarar til debatt i Ålesund fredag.

Ferske tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at det er grunn til å sjå lysare på situasjonen enn på lenge, med rekordhøge besøkstal i sommar.

– Vi trur det er stor sjanse for at 2023 blir eit nytt rekordår, seier reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre til NETT NO.

Har passert førre rekordår
For heile Møre og Romsdal har talet på gjestedøgn passert 2019 - som var det førre reiselivsåret som ikkje blei påverka av koronapandemien.

– Det er ein formidabel jobb som er gjort av reiselivsbedriftene, legg Skrede til og minner om at bransjen kjem frå nokre svært tøffe år.

Samtidig melder hotella at det har vore ein veldig bra august og at september også ser bra ut.

– Dei fortel at bestillingane ser veldig bra ut, og at det er meir etterspurnad på hausten enn tidlegare, seier Skrede.

Etterpå kjem julebordsesongen - som reiselivssjefen også trur på vil vere tilbake til «gamle høgder».

Trur på fleire klimaturistar
Medan store delar av Europa har opplevd hetebølgjer i sommar, hadde Nordvestlandet ein kjøleg julimånad med betydeleg regn.

Medan «dårleg sommarvêr» kan vere negativt for mange norske turistar, kan det snarare ein fordel for besøket av utlendingar.

– Vi opplever det allereie, seier Skrede og fortel om utanlandske turistar som står og gret på dei verste regnversdagane – fordi dei synest det er så flott.

Turistsjefen påpeiker at om ein kjem frå 35 varmegradar, eller meir - og kanskje opplever at naturen rundt dei døyr, så er det ei positiv oppleving å kome til frisk og frodig norsk natur.

– Vi har gjestar frå arabiske land og sør i Europa som fortel at dei vil vekk. Og då er Norge perfekt. Men dei kjem ikkje hit for sol og finvêr, påpeiker han.

– Eit dystert bakteppe
Direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, hadde teke turen til Ålesund og la ikkje skjul på at bransjen har sine utfordringar.

Straumrekninga er utgiftsposten som har auka mest for reiselivsbedriftene siste året, men Devold viste også til at skjerpa eigarskattar gir ei ekstra utfordring for mange selskap som har vore gjennom nokre tøffe år.

– Vi har eit dystert bakteppe, men vi ser også korleis vi kan gjere noko for å forbetre situasjonen, sa ho.

Devold peika også på at fleire store trendar spelar på lag med norsk reiseliv. Ikkje minst opplevinga av Norge som eit trygt reisemål, meiner ho vil vere positivt for bransjen framover.

Publisert: 01.09.2023 14:12

Sist oppdatert: 01.09.2023 19:35

Mer om