Hyper
AVTALE: Erlend Haugsbø i Hyperthermics (t.v) og Knut Eilert Røsvik i Hofseth International AS signerte avtalen på Blue Fish-messa i månadskiftet mai/juni. Foto: Hyperthermics
Nytt

Hyperthermics med Hofseth-avtale

Skal gjere lakseslam om til verdifulle produkt. Har henta 45 millionar i ny eigenkapital.

09.06.2022

Hyperthermics skal bygge eit testanlegg ved Hofseth Aqua sitt smoltanlegg i Tafjord. Hyperthermics-anlegget skal bryte ned fiskeslam ved hjelp av bakteriar og omdanne det til proteinmjøl, biogass og biogjødsel.

– Eit gjennombrot for vår kommersielle satsing inn mot landbasert oppdrett, seier dagleg leiar Erlend Haugsbø i Hyperthermics i ei pressemelding.

Anlegget skal vere klart i første kvartal 2023.

Kontrakten er på "godt over 10 millionar" seier Haugsbø.

Hyperthermics skriv i pressemeldinga av selskapet arbeider konkret mot fleire større prosjekter innanfor landbasert oppdrett og lukka oppdrettsanlegg i sjø. Mellom dei er anlegget Hofseth Aqua vurderer i Røbbervika i Storfjorden, World Heritage Salmon.

Intensjon- og testanleggavtalar
Hyperthermics har inngått fleire intensjonsavtalar og testanleggavtalar dei siste åra.

Ideen bak Hyperthermics er å bruke bakteriekulturar som arbeider under trykk og høg temperatur til å få fart på nedbrytinga av biologisk materiale, slik at produksjonen av biogass går raskare. Undervegs er ideen vidareutvikla til å også utvinne andre produkt gjennom prosessen, slik som i det komande anlegget til Hofseth Aqua.

Biogass blir laga av nedbrytinga av biologiske materiale og kan brukast som energikjelde på lik line med naturgass frå olje- og gassutvinning. Gassen blir rekna som nøytral med omsyn til CO2-utslepp fordi den er basert på biologisk materiale, der gassen inngår i ein krinslaup og ikkje tilfører atmosfæren ekstra CO2.

Kapitalutviding
Det er "veldig sannsynleg" seier Haugsbø om sjansen for at intensjon- og testanleggavtalane skal ende opp med bindande avtalar. I så fall er det snakk om oppdrag for tresifra millionbeløp.

Hyperthermics har nettopp kome i mål med i ei kapitalutviding der selskapet henta inn 45 millionar kroner i ny eigenkapital. Både eksisterande og nye eigarar er med på den kapitalutvidinga, fortel Haugsbø.

Selskapet arbeider og med ei langt større kapitalutviding. Den blir noko av i det selskapet har fått fast fisk på ei av dei store kontraktane selskapet arbeider med.

Publisert: 09.06.2022 08:14

Sist oppdatert: 09.06.2022 09:11

Mer om