Nor shipping orten lien listhaug vedlog fiske garden foto marius 11
NOR-SHIPPING: Stortingspolitikane frå Mørebenken var tysdag på Nor-Shipping-messa. Til venstre i bilde Helge Orten (H), Geir inge Lien (Sp) og Sylvi Listhaug (Frp). Til høgre Green Yard Kleven-sjef Hans Jørgen Vedlog, Maritimt Forum Nordvest-leiar Eliske Fiske og Daniel Garden i Blue Maritime Clüster. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Verfta er utolmodige

Maritim bransje møtte statsråden og Mørebenken.

Marius Rosbach
07.06.2023

Tysdag møtte selskap og bransjeorganisasjonar frå maritime næringar stortingspolitikarane på Mørebenken og Ap-minister Bjørnar Skjæran under Nor-Shipping-messa på Lillestrøm.

Sjølv om store delar av bransjen har gode tider, var behovet for forskottsgarantiar til verfta ein gjengangar i tilbakemeldingane frå ulike delar av næringa.

Svaret frå statsråden med ansvaret for verftspolitikken var det same som før: Saka er til vurdering.

– Det går for tregt, var Asle B. Strønen sin reaksjon etterpå.

Sjefen for bransjeorganisasjonen Norske Skipsverft seier til NETT NO at dei framleis har dialog med departementet om saka – men at dei er utolmodige etter eit svar.

Nor shipping mørebenken foto marius 11
MØTTE BRANSJEN: Mørebanken frå Stortinget med Ap-statsråd Bjørnar Skjæran og Alferd Bjørlo (V) frå Nordfjordeid møtte representantar for maritime næringar på Nor-Shipping tysdag. Foto: Marius Rosbach

– Må nok smøre seg med litt meir tolmod
Moglegheitene for at styresmaktene kan gi ein garanti til verfta via Eksfin, har vore eit ønske frå bransjen i lengre tid. Målet er å skape aktivitet hos dei store nybyggingsverfta med slunkne ordrebøker.

– Bransjen må nok smøre seg med litt meir tolmod, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran til NETT NO om utsiktene til å få på plass den etterspurde ordninga.

– Vi er veldig merksame på situasjonen og har god dialog med næringa og organisasjonane, så får vi kome tilbake til konklusjonane når dei er klare, legg han til.

Fleire skip kunne vore bygd i Norge
Ministeren seier det er avgjerande å halde den maritime klynga komplett – for å sikre at den norske industrien held fram å ligge i tet for utviklinga i bransjen.

Skjæran viser óg til at regjeringa vurderer korleis dei kan utnytte handlingsrommet i EØS-avtalen betre enn i dag, for å bidra til at fleire skip byggjast i Norge.

Ifølgje ein rapport frå Menon Economics som Norske Skipsverft har bestilt, blir utanlandske verft favorisert ved offentlege kjøp av fartøy. Kring ein tredel av skipa som er kontrahert i utlandet etter 2015, kunne vore bygd ved norske verft, ifølgje rapporten.

Det ville gitt verfta ei anslått omsetning på 26 milliardar kroner og sysselsett kring 8000 årsverk i perioden 2016 til 2022.

Bjørnar Skjæran nor shipping Foto Marius 11
OPNA STAND: Ap-satsråd Bjørnar Skjæran opna stand-en til Innovasjon Norge og Eksfin på Nor-Shipping tysdag. Foto: Marius Rosbach

– Skulle nok ønske at det var meir «boost»
Klyngeleiar Daniel Garden i Blue Maritime meiner det viktig at verfta får kapital for å sikre meir nybygging. Ikkje minst for å sikre at ein når måla om å kutte utslepp dei neste åra.

Ein rapport frå Miljødirektoratet førre veke viste at det grøne skiftet går for sakte, og Norge er langt bak målet om å halvere utsleppa i skipsfarten innan 2030.

– Regjeringa har sett seg nokre klare mål, men næringa skulle nok ønske at det var meir «boost» i arbeidet, seier Garden.

– Forstår at det er komplisert
Heller ikkje leiar i Maritimt Forum Nordvest, Elise Fiske, såg noko grunn til å juble over tilbakemeldingane frå politisk hald.

– Vi forstår at det er komplisert og at det er mange aspekt, men det er klart at ein blir utolmodig om ein opplever at det ikkje blir jobba aktivt og godt med saka, seier ho.

– Kanskje kunne det ha vore kommunisert meir om kva ein jobbar med, legg Fiske til.

Publisert: 07.06.2023 05:00

Sist oppdatert: 07.06.2023 06:06

Mer om