Jørn Eggum Fellesforbundet foto marius 11
FEIL: – Verfta har over tid tatt inn for få unge, og fleire har gjort det til ein forretningside med innleige, seier Jørn Eggum i Fellesforbundet. Foto: Marius Rosbacj
Nytt

– Vi treng å rydde opp 

Tilsette bør bruke tida på å vere kreative og innovative – og ikkje lure på om dei har jobb i morgon, påpeiker Fellesforbundsleiaren.

Marius Rosbach
28.12.2021

Denne artikkelen er publisert i årets NETT NO-magasin, som har rekruttering som tema. Klikk for å lese heile magasinet digitalt.

Å be Jørn Eggum fortelje alt han meiner som har utvikla seg i feil retning i arbeidslivet dei siste åra, tek tid. Difor forsøker vi med kortversjonen av kva han meiner kan gjerast.

– Vi treng å rydde opp i arbeidslivet, seier fagforeiningsleiaren og dunkar fingeren ned i bordet på hotellet der NETT NO møter han og Mette Nord frå Fagforbundet.

9000 unge utan læreplass
Fagforeiningstoppande besøkte i haust industribedrifter og offentlege verksemder langs kysten, ikkje minst for å lære av kvarandre. Fellesforbundsleiaren er ikkje i tvil om kvar både private og offentlege bør starte jobben.

– Det største problemet er at vi har 9.000 unge menneske som ikkje får læreplass, meiner han.

Den maritime industrien på Nordvestlandet kjem ikkje utanom kritikken. Sjølv om han på langt nær skjer alle over ein kam, er han tydeleg på at ein del verft over ein periode har tatt inn for få unge folk.

– Verfta har over tid tatt inn for få unge, og fleire har gjort det til ein forretningside med innleige, legg han til.

Verfta har over tid tatt inn for få unge, og fleire har gjort det til ein forretningside med innleige
Jørn Eggum

Samarbeid om lærlingar
Eggum påpeiker óg at Nordvestlandet ikkje er best i alt – og viser til at bedrifter i Trøndelag er flinkare til å samarbeide for å sikre at dei held på lærlingane sine.

– Om ei bedrift vinn eit oppdrag, og har behov for folk, så lånar dei av kvarandre i staden for å ta ein telefon til utlandet for å hente inn ein ferdig utdanna sveisar frå Gdansk, fortel han.

Samtidig trur Eggum at mange av arbeidsplassane som har gått tapt etter tøffe år med omstilling kan kome tilbake med ei målretta satsing på yrkesfag.

– Men det vil ta tid, legg han til.

Meiner Støre har resepten
Det kjem ikkje som ei stor overrasking at Jørn Eggum, som er sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet, meiner at Støre-regjeringa har rett medisin for korleis det bør ryddast opp. Han summerer det opp slik:

– Medan dei borgarlege har ei haldning der ein legg arbeidsgjevaren sin fleksibilitet i botnen, er ei sosialdemokratisk regjering meir opptatt av å ha trygge faste stillingar. Folk skal bruke tida på jobben til å vere kreative og innovative – og ikkje lure på om dei blir skifta ut med eit bemanningsselskap den neste dagen.

Klikk her for å les heile NETT NO-magasinet

Ap-Sp-regjeringa har sagt dei vil stå for meir aktivt statleg eigarskap som skal «fremme fellesskapets interesser», heiter det i Hurdalsplattforma. Skjerpa krav til bedriftene på berekraft, løns- og arbeidsvilkår og lokale ringverknader er mellom dei konkrete tiltaka.

Publisert: 28.12.2021 15:30

Sist oppdatert: 28.12.2021 17:53

Mer om
Annonsørinnhold