Vil auke vindkraftsubsidiane
Eldar Sætre meiner subsidienivået må revurderast for å få ny fart på vindkraftutbygginga.
Stigande kostnadar har gjort at utbygging av fleire store vindkraftprosjekt er avlyst eller lagt på is.
– Vi har hatt ein sektor som er basert på stadige forbetringar, seier Eldar Sætre.
Den tidlegare Equinor-sjefen var det store trekkplasteret då møteplassen OppTik såg dagens lys på Tik Café & Restaurant måndag.
Sætre meiner både vindkraftselskap og leverandørindustrien må vere med på ein dugnad for å få kostnadane nedover igjen. Men han trur også at styresmaktene må revurdere subsidiepolitikken sin for å unngå at vindkraftutbygging og utvikling av vindkraftindustrien stoppar opp.
– Ta eitt til to steg attende, seier Sætre.
Han viser til at den britiske regjeringa alt har bestemt seg for å auke minsteprisen som vindkraftutbyggarane er garantert, ved neste utlysning av vindkraftkonsesjonar til havs.
I årets utlysning melde ingen seg på.
Løner seg
Sætre si vurdering at kostnadsutvikling vil snu og lønsemda auke med ein veksande vindkraftbransjen, og at den utviklinga vil gå raskare enn om styresmaktene ikkje aukar subsidienivået no.
I sitt innlegg på den nye møteplassen i Ørsta måndag fortalde Sætre at han som Equinor-sjef både venta, og såg, eit stigande press mot olje- og gassutvinning - og løfta Equinor si satsing på fornybar energi.
Dette presset ville vere eit kraft som ville tvinge fram lønsemd i fornybar energiproduksjon, slik han såg det.
Vind er viktig på Nordvestlandet
For første gang er oppdrag knytt til utbygging og drift av vindkraftanlegg til havs den største einskilde marknaden for bedriftene i den maritime klynga på Nordvestlandet. Den står for 17 prosent av driftsinntektene, ifølgje klyngeanalysen som vart lagt fram i september i år.
Olje- og gassmarknaden sto for 41 prosent av inntektene i 2016, og står for 15 prosent no. Fiskeri står for 13 og akvakultur for 12 prosent av inntektene.
Publisert: 05.12.2023 10:49
Sist oppdatert: 05.12.2023 12:40