Kleven verft innfelt alex bouzari foto marius ddn 11
KLEVEN: Alex Bouzari (innfelt) er imponert over Kleven, og vil byggje luksusyacht ved verftet. Foto: Marius Rosbach/DDN
Nytt

Vil byggje luksusyacht på Kleven

It-milliardæren Alex Bouzari vil byggje ein rundt 120 meter lang luksusyacht på Kleven.

07.10.2021

NETT NO kjenner til at det har vore møter mellom representantar for Kleven og Bouzari om prosjektet, og at Bouzari i tillegg har kome med eit tilbod til verftet.

Bouzari var ein av grunnleggjarane av selskapet Datadirect Networks, eitt av verdas største privateigde datalagringsselskap. No ønsker Bouzari å byggje sin eigen luksusyacht, og han ønsker at dette skal skje på Kleven.

Imponert
Etter det NETT NO kjenner til har Bouzari blitt imponert over kvaliteten på dei Kleven-bygde luksusyachtane Ulysses og Andromeda, som Kleven i 2016 og 2018 bygde for den new zealandske milliardæren Graeme Hart. Desse båtane blei bygde i stål etter design av Marin Teknikk.

Bouzari vil også bygge sitt skip i stål.

Han er i tillegg interessert i å gå inn på eigarsida i Green Yard Kleven, blant anna for å finansiere opp verftet til å ta på seg andre store nybyggingsoppdrag, spesielt innanfor yacht og cruiseskip i ‘explorer’-klassa.

20190922 090520
CANNES: Kleven-bygde Ulysses er stasjonert utanfor Cannes. Alex Bouzari vil byggje yacht som også har stålskrog, og vil gjere dette ved Kleven. Foto: Kjetil Haanes

Stor kontrakt
Green Yard Kleven fekk nyleg oppdraget med å resirkulere fire eldre offshoreskip for Solstad, eit viktig oppdrag for verftet. Tre andre Solstad-skip skal resirkulerast ved Green Yard-verftet i Feda.

I den samanheng uttalte konsernsjef Hans Jørgen Fedog at det aldri har vore eit reelt alternativ å ta inn fleire partnarar i Greeen Yard Kleven, men at det har vore mange interessentar som har tatt kontakt etter at selskapet overtok Kleven.

Opnar for nybygg
Fedog presiserte samstundes overfor NETT NO at verftet på ingen måte har forlatt marknaden for nybygg, og er i dialog med fleire.

No kan dette skje relativt raskt om verftet seier ja til planane til Alex Bouzari. Kjelder som er tett på verftet seier at dersom prosjektet vert ein realitet, er det forventa at det vert skrive endeleg kontrakt før jul.

NETT NO kjenner ikkje til om det er tenkt at Kleven skal ha stålarbeidet, eller om dette skal setjast vekk. Uansett trengst det fleire tilsette, inkludert tilsette i teknisk avdeling.

NETT NO har ikkje lukkast å få kommentar med Alex Bouzari, men har fått vite at han delvis oppheld seg i Paris, delvis i Hollywood, der han har eigedomar.

Publisert: 07.10.2021 13:57

Sist oppdatert: 08.10.2021 11:04