Geiranger Fjordservice Geirangerfjord II foto Marius 11
VIL HA NY BÅT: Geiranger Fjordservice har mellom anna Geirangerfjord II som dei fekk levert frå Maritime Partner i 2018. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vil bygge ny båt hos Brødrene Aa

Geiranger Fjordservice er mellom aktørane i dialogen som skal sikre vidare drift for verftet.

Marius Rosbach
22.04.2025

Dei neste vekene vil avgjere framtida for Brødrene Aa-verftet med base i Gloppen. 

Ein rekke aktørar er involvert i samtalane som skal sikre vidare drift etter 9. mai. Geiranger Fjordservice er mellom dei som ønsker å bygge ny båt ved verftet dei neste åra, og difor deltek i prosessen. 

Det stadfestar styreleiar Leif Magne Klubbenes til Nett No.

– Vi er i ein god og konstruktiv dialog med verftet. Vi håpar at det skal bli ei god løysing både for verftet og alle andre involverte, seier han. 

Reiselivsbedrifta i Stranda har opplevd sterk vekst dei siste åra, som har gitt dei musklar til å satse vidare. 2018 var førre gong dei bygde nytt, då dei fekk levert sightseeingbåten Geirangerfjord II frå Maritime Partner i Ålesund. 

Klubbenes påpeiker at det ikkje er signert nok endeleg avtale med verftet.

Brødrene Aa JUL 5
HYEN: Brødrene Aa har hovudkontor og anlegg i Gloppen-bygda Hyen, og eit produksjonsanlegg i Eikefjord i Sunnfjord. Foto: Marius Rosbach

– Alle involverte partar blir utfordra
Fjord1 er saman med Sparebank 1 Sogn og Fjordane og hurtigbåtreiarlaget Rødne med på avtalen som sikrar mellombels drift for verftet i Gloppen. 

Styreleiar Gustav Johan Nydal seier til Nett No at det er for tidleg å seie noko om kva for langsiktig løysing dei vil lande på.

– Vi jobbar med mange forskjellige løysingar, der alle involverte partar blir utfordra, fortel han. 

Det var i starten av april verftet sende ut melding om at Norled ville kansellere den første av tre hurtigbåtar dei hadde tinga. Nydal seier verftet ventar at også dei neste to båtane i avtalen blir kansellert. 

Har fleire nybygg i ordreboka
I tillegg til Norled-avtalane, har verftet to båtar under ombygging for Fjord1, i tillegg til at reiarlaget har eit nybygg i ordreboka. 

Rødne-reiarlaget har også ein båt under bygging – og ein i bestilling. The Fjords har vidare tinga sitt fjerde fartøy av det prisvinnande Seasight-designet. 

Alle desse aktørane har naturleg nok interesse av at verftet held seg flytande. 

Det same har dei Hongkong-baserte medeigarane i Yuet Hing Marine Supplies Company L. Dei eig drygt 40 prosent av aksjane i hurtigbåtverftet. Resten er eigd av fleire medlemar i Aa-familien. 

– Mange har vore engstelege 
Tysdag var alle dei 160-70 tilsette på jobb som vanleg ved dei to anlegga i Hyen og Eikefjord.

Klubbleiar Jon Vidar Storsletten er tillitsvalt for kring 50 medlemmar i Fellesforbundet og fortel at det har vore nokre urolege veker. 

Han seier dei tilsette likevel har følt dei har vore godt informert, og at det har vore fleire fellesmøte.

– Mange har vore engstelege, men vi har fått ei forståing om at vi held det gåande til 9. mai. Innan då kan det skje mykje både med kontraktar, sal av båtar og andre ting. No jobbar vi på som vi pleiar, legg Storsletten til. 

Nett No har tidlegare fortald at sal av båten som Norled vil kansellere, er eitt av alternativa det blir jobba med. 

Publisert: 22.04.2025 12:06

Sist oppdatert: 22.04.2025 12:06

Mer om