Vil legge ned Innovern
Styret rår eigarane til å avvikle munnbindprodusenten i Sykkylven.
Få månader etter at koronapandemien kom i 2020 var Innovern i gang med produksjonen av munnbind i eit lokale i den tidlegare Hjellegjerde-fabrikken i Sykkylven.
Munnbind var mangelvare verda over, og helsestyresmaktene sleit med å få tak i nok.
Etter nokre månadars drift kom dåverande statsminister, Erna Solberg, til Sykkylven for å markere opninga av den nye fabrikken.
No står fire nedbetalte og iso-sertifiserte produksjonsliner i fabrikken, men i førre veke vedtok styret å rå eigarane til å avvikle selskapet.
Manglar oppdrag
Grunnen til nedlegginga er mangel på oppdrag.
Styreleiar og medeigar Lars Einar Riksheim har heilt sidan Innovern blei etablert argumentert med at Noreg bør ha ein minimumsproduksjon av smittevernutstyr, for å kunne takle kriser som koronapandemien.
Riksheim har ikkje vunne fram med sitt syn hos styresmaktene og oppdrag har ikkje kome.
Riksheim anslår at ein produksjon som krev tre-fem tilsette og tilsvarar omlag 20.000 munnbind om dagen vil vere ein minimumsnivå for å halde produksjon gåande og oppretthalde kompetansen som ein slik fabrikk krev.
No blir det heller avvikling.
Det er for gale å sende eit slikt anlegg på dynga. Kjem det ein ny pandemi vil smittevernberedskap vere attende er vi var før pandemien, meiner Riksheim.
Gode resultat
I først heile driftsår, i 2020, hadde selskapet ein lønsemd dei aller flest bedrifter berre kan drøyme om (sjå tabell under).
Men allereie året etter blei det meir magert, og i år har ordreinngangen tørka inn.
Men mangel på oppdrag gjer at Innovern-styret i førre veke vedtok å rå eigarane til å legge ned.
No er planen å produserer munnbind så langt råvarelageret rekk og så stenge. Selskapet har eitt anbod inne og vil fullføre den produksjonen dersom selskapet får jobben, men sjølv om selskapet får oppdraget står styret fast på si tilråding om nedlegging.
Innovern as | |||
Tal i mill. kroner | 2022 | 2021 | 2020 |
Driftsinntekt | 18,1 | 52,7 | 7,1 |
Driftsresultat | 2,0 | 27,1 | 1,9 |
Resultat før skatt | 2,0 | 26,9 | 1,7 |
Publisert: 22.08.2023 10:32
Sist oppdatert: 22.08.2023 10:32