Hydrogenselskap inn i Vard-samarbeid
Verftskonsernet leiar arbeidet med å finne nullutsleppsløysingar for lastefrakt. No blir Ålesund-selskap med på laget.
Hexagon Purus går inn Zerocoaster, et forskingsprosjekt som skal undersøke, evaluere og presentere nullutsleppsløysingar for skipsdesign.
Ålesund-selskapet deltek via eit delprosjekt kalla Zero Emission Compressed Hydrogen (ZECH).
Skal lage ei komplett verdikjede
Målet er å komme fram til ein verdikjede for hydrogen som svarar seg økonomisk.
Hexagon Purus vil bidra med kunnskap og ekspertise kring lagring og distribusjon av komprimert hydrogen.
Arbeidet blir leia av verftskonsernet Vard med tre verft og fleire selskap på Nordvestlandet, og skal vere ferdig innan utgangen av året.
– Ser store fordelar
– Vi ser store fordelar ved å jobbe saman med Vard og prosjektpartnarane, uttalar Håvard Stave i ei pressemelding måndag.
Han leiar det maritime salsarbeidet i Hexagon Purus. Det Flakk-dominerte konsernet Hexagon Composites, skilte i fjor ut hydrogenverksemda til dotterselskapet.
– Det er ein glimrande anledning til å lære av kvarandre, samtidig som vi driver omstillinga til maritime nullutsleppsløysingar, legg Stave til.
Bygger på Vard-konsept
Zerocoaster tar spesielt for seg lastefrakt langs kysten, men løysingane skal vere overførbare til andre maritime operasjonar. Arbeidet bygger på eit konsept Vard har utvikla og er ein del av det statlege Grønt Skipfartsprogram.
Det er allereie utvikla eit designkonsept med skalerbart skrog. Det vil no utviklast vidare til produksjonsklar design med alle nødvendige teikningar og spesifikasjonar.
Systema om bord skal vere klargjort for å kunne nytte både batteri, hydrogen, ammoniakk, metanol og LNG.
Trengst hundrevis av nye skip
Norske styresmakter har som mål å redusere klimautslepp med 50 prosent innan 2030. For å nå dette trengst 700 lågutsleppfartøy og 400 fartøy utan utslepp – av desse 450 frakteskip, skriv selskapet i pressemeldinga.
Prosjektet vil dekke skip frå 2000 til 8000 dødvekttonn, der behovet for utskifting av fartøy er størst.
Publisert: 18.10.2021 20:15
Sist oppdatert: 18.10.2021 20:42