Karsten Warholm - Kristine Haddal - Leif Olav Alnes - Foto NRK/Erik van Leeuwe GNU
FAMILIEBEDRIFT: Pilane peika opp for Karsten Warholm sitt selskap i fjor. Firmaet sysselsett mor og manager, Kristine Haddal, og trenar, Leif Olav Alnes, i tillegg til Karsten sjølv. Foto: NRK/Erik van Leeuwe GNU
Nytt

Warholm-selskap tok nye sprang

Nytt hopp i omsetning og resultat for familiebedrifta til friidrettsutøvaren.

Marius Rosbach
26.07.2023

Karsten Warholm sitt selskap Sunn Vekst haldt fram veksten i fjor med ei auke både inntekter og overskot.

Rekneskapet for 2022 viser at inntektene auka betydeleg i fjor. Det gjorde også resultat før skatt som enda på knappe 2,9 millionar kroner (sjå tabell under).

Sunn Vekst AS

Årsresultat (i mill kr)


2022

2021

Driftsinntekter

7,6

5,9

Driftsresultat

2,7

1,8

Res. før skatt

2,7

1,8

Familiebedrift
Firmaet Sunn Vekst er på fleire vis ei familiebedrift der Kristine Haddal – mora til Karsten – er dagleg leiar. Karsten Warholm eig alle aksjane.

Ulstein-selskapet har tre årsverk, Karstein sjølv, mora Kristina og trenar Leif Olav Alnes.

Ulsteinvikaren har ikkje teke utbytte frå selskapet, som blei starta i 2018. Ved utløpet av fjoråret hadde selskapet ein eigenkapital på drygt 4,6 millionar kroner og ingen langsiktig gjeld.

Har fleire inntektskjelder
Langt nær heile økonomien og inntektene til Warholm kjem fram i Sunn Vekst-selskapet.

Friidrettsutøvaren får inntekter både frå ulike utstyrsavtaler, sponsoravtaler, inntekter frå friidrettsforbundet og Olympiatoppen. I tillegg kjem bonusavtalar og startpengar frå ulike arrangørar.

Warholms store mål denne sesongen er VM i Budapest i august. Neste år skal han forsvare OL-gullet under leikane i Paris.

Publisert: 26.07.2023 09:53

Sist oppdatert: 26.07.2023 09:56

Mer om