Geir Ove Ystmark foto Ogne
KRASS KRITIKK: Geir Ove Ystmark i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen seier i ei pressemelding av regjeringa slaktar ut ei norsk framtidsnæring. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Åtvarar mot utflytting

- Nye arbeidsplasser vil ikke skapes i Norge, men i utlandet, sier Sjømat Norge-sjef Geir Ove Ystmark om grunnrenteskatten.

28.09.2022

"Tidenes mest dramatiske dag for oppdrettsnæringen", skriv bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Sjømat i ei pressemelding om regjeringa sitt framlegg om innføre grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa.

Framlegget vil bety inntil 3,8 milliardar kroner i årleg skatteauke for næringa. Eit utval under regjeringa Solberg kom og med framlegg om grunnrenteskatt for oppdrettsnæringa, men fekk ikkje gjennomslag.

No vil Ap/Sp-regjeringa innføre skatten.

Kan flytte
Grunnrenteskatt er ein skatt på verdien av å utnytte felles naturressursar, med grunnrenteskatten på oljeutvinning som den mest kjente og viktigaste.

Ystmark meiner det er feil så sjå på oppdrettsnæring på same vis som oljeutvinning på norsk sokkel. Oljen og gassen er på norsk sokkel, men oppdrettsproduksjonen treng ikkje norske fjordar, argumenterer han i pressemeldinga.

"Vi tar heller ikke ut en ressurs slik f.eks. petroleumsnæringen gjør. Fjordene kan ikke flyttes, men de kan være tomme for havbruksanlegg. Da får ikke Norge leverandørene, slakteriene eller de øvrige ringvirkningene. Dette er en gavepakke til våre konkurrenter i utlandet. Nye arbeidsplasser vil ikke skapes i Norge, men i utlandet.", seier Ystmark i pressemeldinga.

Har grunnrenteskatt
Ystmark meiner oppdrettsnæringa allereie betaler ein grunnrenteskatt.

Oppdrettselskapa betalar ei produksjonsavgift som i fjor gav oppdrettskommunar og fylke omlag ein halv million kroner i inntekter og betal i tillegg for nye oppdrettskonsesjonar som staten legg ut på aiuksjon.

Grunnrente

Den ekstraordinære gevinsten av å kunne hauste av felles naturressursar blir kalla grunnrente.

Skatt på slike gevinstar blir kalla grunnrenteskatt.

Regjeringa vil innføre grunnrenteskatt på 40 prosent for oppdrett og vindkraftanlegg på land, i tillegg til å auke grunnrenteskatten for vasskraftproduksjon frå 37 til 45 prosent.

Grunnrentegevinsten for oppdrettsnæringa skal reknast ut frå spotprisen i finansmarknaden for laks og ut frå salspris for aure.

Publisert: 28.09.2022 11:45

Sist oppdatert: 11.11.2022 09:56

Mer om