I ein rettssal må alle halde seg til sanninga. Det burde ikkje skremme nokon – med mindre dei fryktar at sanninga ikkje er på deira side.
Det er svært alvorleg viss staten har påført norsk eigd næringsliv ein skatt som bryt med Grunnlova §105 og menneskerettane – statleg konfiskasjon og diskriminering, medan utanlandske eigarar og staten sjølv slepp unna.
Når blei det greitt at regjeringsadvokaten prøver å avvise ei ekstremt viktig sak som kan bryte med Grunnlova og menneskerettane?
Korleis kan regjeringsadvokaten, Finansdepartementet og finansminister påstå at søksmålet er grunnlaust og berre «politikk» – når fleire store juridiske kapasitetar meiner det stikk motsette? Er dette forsvar av rettsstaten, eller eit forsøk på å kneble sanninga?
Vi ber ikkje om noko urimeleg. Vi ber om rettsprøving – ein heilt grunnleggjande rett i eit demokrati. Når staten sjølv kjempar med nebb og klør for å hindre at retten får vurdere om formuesskatten er lovleg, blir tilliten til rettssystemet svekka. Det er eit vern, ikkje ein ulempe for demokratiet.
Norske eigarar og bedrifter kjenner konsekvensane kvar dag: Ein konfiskatorisk skatt som tvingar fram låneopptak for å betale skatt på verdiar som ikkje finst i realiteten. Gründerar, kapital, kunnskap og arbeidsplassar flyttar ut. Att står småbedrifter som slit – og lokalsamfunn som mistar grunnlaget for velferd og framtid.
Fredag 22. august på Horisont i Fosnavåg vil vår advokat Jan Magne Langseth, partner i Simonsen Vogt Wiig, forklare korleis han – med 30 års erfaring – ser på det regjeringsadvokaten, Finansdepartementet og finansministeren no prøver på.
Jan Magne, og mange andre, kallar denne saka for David mot Goliat: Den vesle mannen som låner pengar for å kjempe for rettferd for norsk lokalt eigarskap – mot Goliat som har ubegrensa ressursar.
Jan Magne Langseth seier sjølv at dette er den viktigaste saka han nokon gong skal føre i rettssalen. Det handlar om rettferd, om likskap – og om fundamentet for framtidig velferd: norsk eigd næringsliv.
Så kva er staten eigentleg redd for? Viss lova er på deira side, kvifor ikkje møte i retten og forsvare ho?
I ein rettsstat skal sanninga prøvast i domstolane –det er eit vern, ikkje ein ulempe for demokratiet.
Eg ser verkeleg fram til den dagen Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre må løfte handa og love å prate sanninga i Møre og Romsdal tingrett.
Derfor kan vi ikkje akseptere at ei så viktig sak blir prøvd stengast ute av Finansdepartementet og advokatar fra regjeringskontora. Det er ikkje ein rettsstat verdig.
Av Lars Oscar Øvstegård
Publisert: 20.08.2025 16:24
Sist oppdatert: 20.08.2025 16:58