Sylvi Listhaug Monica Molvaer 2 kandidat for H og Erna Solberg foto Ogne Hogre
KVEN FÅR GEVINSTEN VED VALET?: Stortingsvalkandidatane Monica Molvær og Carl-Henrik Moltumyr frå Møre og Romsdal Høgre (i midten) fekk fleirtal for framlegget sitt om å frita fiskarane frå CO2-avgift på partiet sitt landsmøte. Det vil også Frp-leiar Sylvi Listhaug (t.v) medan Høgreleiar Erna Solberg (t,h.) hittil har støtta avgifta. Foto: Ogne Øyehaug/Høgre
Analyser

Ingen slagord - berre heilomvending

Møre og Romsdal Høgre fekk partiet til å snu, men gir det gevinst ved valurnene?

23.03.2025

ANALYSE

Høgre sin nye politikk er at fiskeflåten skal få fritak for CO2-avgift på drivstoff. Det er ei heilomvendig som Monica Molvær og Carl-Henrik Moltumyr, 1. og 2.-kandidat til Stortingsvalet for Møre og Romsdal Høgre, kan ta mykje av æra - eventuelt skulda - for. 

Redaksjonskomiteen i partiet rådde landsmøtet til å avvise framlegget frå Høgre, men representantane frå Møre og Romsdal greidde å få fleirtalet med seg. Høgre sin politikk no er dermed å "gi fiskerinæringa levedyktige konkurransevilkår med sammenlignbare land gjennom å gi fritak for Co2-avgifta for fiskeriflåten. Det finnes ingen fullgode grønne alternativ i dag og fiskeriflåten må få rom til grønn omstilling". 

Det var ikkje politikken sist Høgre sat i regjering, og Erna Solberg var statsminister.

Slagordet til Høgre i den komande valkampen er "Ingen slagord - Bare kortere helsekøer/mer læring i skolen/mer forsvar og politi!" og så vidare i fleire varianter. Når det gjeld CO2-avgifta til fiskeflåten er det snakk om "Ingen slagord - berre heilomvending".

Om snuoperasjonen til Høgre er ein valvinnar for partiet gjenstår å sjå. Det er begrensa interesse for fiskeripolitikk, i alle fall utanom Nord-Noreg og Vestlandet.

Og sjølv om dei politiske vindane har snudd og gitt rom for meir kritisk vurdering av klimapolitiske tiltak, er det truleg framleis mange som vil oppfatte Høgre sin snuoperasjon som negativ.

Dessutan er Frp eit alternativ til Høgre i dette spørsmålet. Der står dessutan partileiaren bak politikken. 

Frp-leiar Sylvi Listhaug skriv i ein epost til Nett No at Høgre sitt landsmøtevedtak om CO2-avgifta for fiskeflåten er godt nytt:

Vi advarte Erna Solberg og Høyre mot konsekvensene allerede i 2020 da det ble kjent at fiskerne på Sørlandet reiste til Danmark for å bunkre diesel og vi forhandlet statsbudsjett for 2021. De siste årene har det foregått mye bunkring også andre steder utenfor Norge. Dette er et utrolig godt eksempel på symbolsk klimapolitikk som flytter og øker utslippene, ikke reduserer dem, og som FrP i mange år har foreslått å endre på. 

Det er veldig bra at Høyre snur på dette. FrP står klar til å gjennomføre endringer på co2 avgifter for fiskeflåten om vi får makt til høsten. 

Vi håper Høyre snur i mange andre saker på klimaområdet der politikken bidrar til særnorske avgifter som skader norsk konkurransekraft og flytter utslipp istedenfor å kutte dem globalt.

Det er store pengar det er snakk om. Viseadministrerande direktør Jan Ivar Maråk i bransjeorganisasjonen Fiskebåt sa i 2023 at CO2-avgifta vil utgjere 1,8 milliardar kroner i året i 2030, når opptrappinga av avgifta er ferdig.

Kritikken mot CO2-avgifta frå fiskerinæringa har auka etterkvart som avgifta har auka, mellom anna fordi dei viktige torskekvotane samstundes har gått mykje ned. Kombinasjonen fallande inntekt og auka avgift er ikkje så populært.

Noverande fiskeri- og havminister, Marianne Sivertsen Næss (Ap), sa i fjor at ho forsto innvendingane mot CO2-avgifta. Og regjeringa kom fiskarane i møte med å heve kompensasjonen for CO2-avgift like mykje som avgifta vart auka. 

Ja, det finst ei statleg kompensasjonsordning for eit statleg CO2-avgift, for fiskeflåten.

Problemet med den ordninga, sett frå fiskeflåten si side og med eit reint økonomisk perspektiv, er at storleiken på kompensasjonen blir vedtatt frå år til år medan målet om ei opptrapping av CO2-avgifta har ligge fast.

Poenget med ei CO2-avgift er at det skal løne seg å redusere bruken av fossilt drivstoff, som i denne samanhengen betyr diesel, slik at CO2-utsleppa går ned.

Utfordringa er kva som er alternativet. To forsøk på å ta i bruk ammoniakk og hydrogen er lagt bort undervegs, og fiskeflåten byrja å omgå den særnorske avgifta. Det kan gjerast ved å fylle drivstoff i utlandet, fylle drivstoff i Noreg og deretter gå til utanlandsk hamn og starte fisket derifrå, eller fylle drivstoff frå tankskip til havs, utanfor norsk farvatn. 

Bunker Oil i Ålesund, med drivstoffanlegg langs heile kysten, har allereie merka inntektsfall fordi norske fiskarar fyller drivstoff i utlandet. Bunker Oil-sjef Jan Magnus Kleven seier at konsekvensen kan bli at selskapet må legge ned anlegg, og dermed svekke beredskapen, sidan selskapet mellom anna forsyner Forsvaret med drivstoff.

Denne veka kom forøvrig Skattedirektoratet med eit framlegg som skal sette ein stoppar for eitt av alternativa for å unngå avgifta - at du kan fylle drivstoff avgiftsfritt i Noreg om du deretter går til utanlandsk hamn og startar fisket derifrå. Blir framlegget vedtatt vil det forverre konkurransesituasjonen for norske drivstoffstasjonar ytterlegare. Framlegget er sendt ut på høyring.

Høgre sitt nye standpunkt aukar sjansen for at fiskeflåten slepp CO2-avgifta med eit regjeringsskifte etter Stortingsvalet til hausten.

Det blir truleg tatt godt i mot hos fiskarane, om enn begeistringa kanskje blir litt avmålt hos dei som har lagt mest tid og pengar inn å tilpasse seg ei auka CO2-avgift. 

CO2-avgifta kan bli nok eit døme på politiske mål som ikkje var grundig nok vurdert før det vart gjort vedtak for å nå dei.

Publisert: 23.03.2025 05:00

Sist oppdatert: 22.03.2025 17:30