Karrieredager ørsta foto ludvik flatin rosbach 3
TRENG FOLK: Bedrifter får ein tøffare oppgåve med å få tak i folk etterkvart som arbeidsløysa går nedover. Biletet er frå karrieredagane for ungdomskuleelevar på søre Sunnmøre denne veka. Foto: Ludvik Flatin Rosbach
Analyser

«Mismatch» i arbeidsmarknaden

Det er to og ein halv gangar så mange arbeidslause som ledige stillingar. Likevel slit bedriftene med å rekruttere.

03.10.2021

ANALYSE

«Mismatch» er ordet direktør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal brukar om situasjonen.

«Mismatch» betyr at dei som er registrerte som arbeidslause, ikkje kan det arbeidsgivarane er ute etter, og/eller av ulike andre grunnar ikkje vil eller kan ta dei ledige jobbane.

Det er snakk om 2824 heilt ledige og 1898 delvis ledige i Møre og Romsdal ved utgangen av september i år. Det utgjer høvesvis 2,0 og 1,4 prosent av arbeidsstyrken.

Samstundes hadde NAV registrert 1837 utlyste ledige stillingar i september. Det nok folk til å fylle alle dei ledige stillingene som blei registrert, men likevel blir mange av jobbane ståande ledig.

No, når dei aller fleste smitteverntiltaka mot koronaepidemine er avvikla, kjem også dei hardast råka bransjane - kultur-, reiseliv- og serveringsbransjen - tilbake for fullt i arbeidsmarknaden.

Situasjonen i arbeidsmarknaden er nesten tilbake til korleis det var i slutten av 2019, like før koronaepidemien kom.

Også då merka bedriftene at det blei tyngre å rekruttere.

Det som gjer at det denne gangen kan bli enda større konkurranse om arbeidskrafta, er tilgangen til arbeidskraft frå utlandet. Vil dei kome tilbake i like store mengder som før?

Stein Veland er usikker.

- Eg trur vi (Noreg som arbeidsmarknad, red. merk) framleis er attraktive, men samstundes registrere vi at lønstilhøva i Aust-Europa har blitt sånn at den tydlege konkurransefordelen vi hadde, er i ferd med å skrumpe litt inn, seier Veland.

Allereie i 2018 åtvara han bedriftene om risikoen ved å basere seg for mykje på arbeidskraft frå utlandet, rett og slett fordi Noreg ikkje ville vere så attraktivt framover.

Førebels er det for tidleg å seie om ein del av arbeidskraftreserven som har vore i Aust-Europa, har gått tapt under den verdsomspennande koronaepidemien. Men trenden som Veland peika på i 2018 hadde imidlertid ingen ting med epidemien å gjere, og vil truleg halde fram. Spørsmålet no er berre om utviklinga har skote fart.

Har den det, vil det auka behovet for å rekruttere arbeidskraft som alt bur i Noreg.

Går det som NAV vil betyr det i første omgang at det blir sett i verk tiltak som kan raskt gi ein del av dei som i dag ikkje har arbeid kompetansen dei treng for å få jobb . I tillegg må det rekrutterast frå grupper som tradisjonelt står i utkanten, eller utanfor arbeidsmarknaden.

– Kanskje inkludering blir ein viktig måte å rekruttere på? spør Veland i NAV si pressemelding om status i arbeidsmarknaden i september.

Det er berre å håpe av NAV-direktøren sine forventingar blir innfridd, mellom anna fordi det kan gi ein rask effekt.

Men det er neppe nok.

Om færre vil langtidspendle, eller arbeidsinnvandre frå Europa, vil det sette fart i debatten om vi klarer å få nok til å velge dei utdanningane der etterspørselen etter arbeidskraft er mest prekær.

Publisert: 03.10.2021 06:00

Sist oppdatert: 08.10.2021 13:23