Vidar Ulriksen statssekretær Nærings og Fiskeridepartementet foto Ogne
FORVENTNINGAR: Store fakter og blomstrande formuleringar er ikkje statssekretær Vidar Ulriksen sitt fremste kjenneteikn, men på Ombordfrystkonferansen i Ålesund denne veka nørte han opp under forventningar om at dagens regjering kan få til noko den førre ikkje greidde. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Regjeringa skaper stigande forventningar

Fiskerikvotemeldinga er forseinka, men i bransjen er forventninga stigande.

15.01.2023

ANALYSE:

Skal den lite populære Ap/Sp-regjeringa på under to år lukkast med det Solberg-regjeringane ikkje fekk til i løpet av åtte år?

Signala frå Ombordfryst-konferansen i Ålesund denne veka kan tyde på det.

- Vi vil ha ei kvotemelding som har ei brei støtte både i Stortinget og i næringa, sa statssekretær Vidar Ulriksen i Nærings- og fiskeridepartementet i sitt innlegg.

Målet er ein politikk som overlever både regjeringsskifte og skifte i politisk fleirtal på Stortinget.

Det var bodskapen også under Erna Solberg (H). Men det hennar regjeringa kom opp med, vart både mislikt i fiskerinæringa og møtte motstand i opposisjonen.

Kort forklart: Kor mykje fisk som skal fiskast av dei ulike fiskeslaga, blir avgjort år for år, basert på faglege råd frå havforskarane.

Det er ikkje ein omstridd måte å gjere det på, sjølv om det kan vere misnøye og usemje om både råd og den fastsette totale kvota for komande år.

Fiskerinæringa er delt opp i mange ulike grupper etter kva fiskeslag båtane fiskar, kor store dei er, og kva fiskereiskap dei brukar.

Det er denne fordelinga - og detaljane i den - kvotemeldinga skal sjå på.

Kvar gruppe får sin andel av fiskekvotane, og fordelinga av kvotane mellom dei ulike gruppene har vore relativt stabil i mange år. Ei kvar større endring av dagens system vil møte motstand og utløyse ein hard debatt - fordi det er snakk om fordeling av store verdiar.

Ei nokolunde samlande løysing kan difor ikkje bety større endringar på dagens fordeling mellom flåtegruppene. Truleg blir det heller endringar i ei rekkje detaljar, som kvar for seg vedkjem ulike delar av fiskeflåten.

Ei avklaring vil vere kjærkomen i store deler av næringa fordi det handlar om rammevilkåra både fiskebåteigarar, fiskarar og fiskeindustrien skal drive og investere under.

Enda meir kjærkome vil det vere om det er brei politisk semje, slik at næringa veit at rammevilkåra står seg, også når regjeringsmakta skiftar.

I Ålesund kom statssekretær Vidar Ulriksen Ulriksen sjølv med eit døme på kva det kan vere snakk om.

I innlegget sitt fortalde han at regjeringa har merka seg framlegget frå Norges Fiskarlag om regelverket for kystflåten, fartøy som typisk fiskar og leverer fangsten same dag.

Kystflåten er delt i mindre grupper, regulert etter lengde. Skal du behalde rettane i fartøygruppa du er i, kan du ikkje bygge båten lengre.

Nytt utstyr, som til dømes batteripakkar, krev imidlertid meir plass enn framdriftssystem som berre baserer seg på forbrenningsmotor. Betre arbeids- og butilhøve for mannskapet krev også meir plass.

Konsekvensen er mellom anna fleire nybygg der båtane veks i breidda, i staden for lengda. Norges Fiskarlag foreslår at kapasiteten i kystflåten kan regulerast ved å sette grenser for kor stort lasteromet kan vere - så kan fiskarane sjølve bestemme lengda på fartøyet.

Då sjefen til Ulriksen, fiskeriminister Bjørnar Skjæran, var ny i jobben sa han at han sikta seg inn på å levere Ap/Sp-regjeringa si kvotemelding innan utløpet av 2022.

Det viste seg å vere overoptimistisk, men den praktiske konsekvensen av forseinkinga er lita i og med at det framleis er regjeringa sitt mål at kvotemeldinga skal behandlast av Stortinget i vårsesongen i år.

Hos Norges Fiskarlag og Fiskebåt er det heller ikkje høge skuldrar på grunn av forseinkinga.

Forseinkinga blir heller tolka som eit teikn på at regjeringa legg seg i selen for eit framlegg som kan stå seg lenge - og som det store fleirtalet fiskebåteigarar og fiskarar er nøgde med.

Publisert: 15.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 17.01.2023 14:43