Christophe Tytgat Sea Europa Verftskonferansen 2022 foto Ogne
Generalsekretær Christophe Tytgat i bransjeinteresse-organisasjonen Sea Europe meiner EU-styresmaktene må på banen for å sikre EU sin skipsbygging- og maritime industri. Så langt har dei vore passive, etter Tytgat si vurdering. Foto: Ogne Øyehaug
Analyser

Vil ha Noreg på laget mot Asia

Berre ein prosent av skipa til europeiske reiarar blir bygd i Europa. Sjefen for europisk verftsindustri er ikkje fornøgd.

06.11.2022
ANALYSE

Christophe Tytgat er generalsekretær i Sea Europe, interesseorganisasjonen for europeiske skipsverft - der også norske skipsbyggjarar er med gjennom NHO-organisasjonen Norsk Industri.

Denne veke var Tytgat på Verftskonferansen i Ålesund. Der kom han med ein klar og tydeleg invitasjon til norske verft og maritime utstyrsleverandørar om å bli med og legge tyngde bak kravet om at EU må gjere meir for å berge og bygge opp att ein større europeisk verftsindustri.

For maritime utstyrsleverandørar ser det betre ut enn for verfta. Omlag halvparten av utstyrsleveransane til skipa europeiske verft får bygd kjem frå europeiske bedrifter. Men dette er no utstyrsleverandørar som er blitt meir avhengige av kva som skjer i Asia, hos kinesiske og sør-koreanske verft. Det er eit trugsmål også mot posisjonen til europeiske utstyrsleverandørar, etter Tytgat si vurdering.

Norsk skipsbyggingsindustri har i ei årrekke trekt fram konkurransen med spanske og tyrkiske verft, som med hjelp av meir eller mindre opne støtteordningar eller andre rammevilkår har ein fordel i konkurransen med norske verft.

Tytgat fortel den same historia, med unntak av at spanske og tyrkiske verft er bytta ut med kinesiske og sør-koreanske.

Utfordringa både for Sea Europe og norske verft er å bevise at det faktisk foregår ei reell subsidiering - og i tillegg at det eventuell er ei ei form for støtte i strid med internasjonale avtalar. Der set Tytgat sin lit til nyare forsking på feltet. Den store kostnadsskilnaden kan ikkje forklarast på anna vis enn at det er subsidiar inne i biletet.

- Vi har nok til å vise at det ikkje kan vere noko som helst anna enn subsidiar, seier Tytgat til NETT NO.

I foredraget sitt på Verftskonferansen gjekk han gjennom fleire tiår med negativ utvikling for europeiske skipsbyggingsindustri og EU-styresmaktene si manglande evne og vilje til at ta vare på europeisk verftsindustri undervegs.

Styresmaktene til konkurrentane i utlandet har vore uviljuge til å gå med på internasjonale avtalar for å sikre like konkurransevilkår, eller har halde fast ved at skipsbygging er ein strategisk viktig bransje for dei, som skal støttast opp under. Samstundes har EU-styresmaktene opna europeiske verft for full konkurranse, utan å stille krav som skal sikre balansert konkurranse, slik Tytgat fortel det.

For alle som har følgt med i debatten om norsk skipsbyggingsindustri er dette kjende tonar.

Slik Tytgat ser det har EU gjort ein strategisk tabbe ved å gjere europeisk skipsfart avhengig av verft i Asia. Det burde til dømes vere slik at EU og andre europeiske styresmakter burde definert det som strategisk viktig at skip som skal gå mellom europeiske hamner blir bygde i Europa, meiner han.

Saman er vi sterke er eit slagord som gjeld også for skipsbyggingsbransjen. Difor kan norsk skipsbyggingsindustri tene på å takke ja til invitasjonen om å auke innsatsen for at Sea Europe skal vinne fram, men det er grunnar til at norsk skipsbyggingsbransje kan vere litt atterhalden.

Årsaka er mellom anna at tyrkisk verftsindustri, som nett no er den største konkurrenten for norske verft, er også medlem i Sea Europe. Ei intern konflikt innad svekkjer organisasjonen og den europeiske skipsbyggingsbransjen utad.

Det kan vere ei konflikt ein berre må leve med, der det likevel er gevinsten med eit tettare samarbeid med bransjen og Sea Europa.

Publisert: 06.11.2022 05:00

Sist oppdatert: 21.11.2022 00:40

Mer om