Kort fortalt
Gjerdsvikabedrift med storavtale
Vann tilbake oppdrag for Norgesgruppen.
02.09.2022
Maritim Food i Gjerdsvika kan sjå tilbake på eit sterkt fjorår og har vunne tilbake storavtale med Norgesgruppen, ifølgje Vestlandsnytt.
Gjerdsvika-bedrifta hadde ei tøff periode med nedbemanning etter at dei mista avtalen om å lage fiskepudding for storgrossisten i 2019. Etter at dei har sikra seg avtalen på nytt, er bedrifta no tilbake der dei var med kring 40 tilsette.

Omsetninga i 2021 enda på 102 millionar og drifta gjekk med 6,9 millionar kroner i overskot.
– Vi klarer nok ikkje å levere like godt i år. Men klarer vi å lande på kring 110 millionar i driftsinntekter og eit driftsresultat på 4–5 millionar vil eg vere veldig nøgd, seier dagleg leiar Jan Brevik til avisa.
Publisert: 02.09.2022 09:23
Sist oppdatert: 02.09.2022 09:26