
Lovar «betydelege oppdrag» til norsk skipsindustri
To statsrådar kom til Vard for dialog om store investeringar i nye forsvarsskip.
Måndag kom forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) og finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) til Vard Langsten-verftet for å snakke om nye investeringar til forsvaret.
Gram understrekar at det skal vere ei nasjonal konkurranse, og at det blir «betydelege oppdrag til norsk verftsindustri og maritim næring», ifølgje NRK Møre og Romsdal.
Ingenting er førebels avgjort om kven som blir leverandørar til minst 28 større og mindre skip, i tillegg til fem fregattar.
Vedum påpeika at styresmaktene ønsker å få noko tilbake av investeringane i form av verdiskaping langs kysten.
– Vi tar ikkje stilling no, men grunnen til at vi er her er nettopp å kunne få den opne gode dialogen slik at vi kan sjå tilbake på dette om åtte til ti år og tenke at vi gjorde rette val frå starten, sa Vedum ifølgje NRK.
Vard er mellom aktørane i den maritime industrien som vil ta del i oppdraga. Saman med eigarane i Fincantieri har dei lagt fram design til ein ny serie militære skip kalla Resiliance.
Konsernet ønsker også å bygge fregattar saman med dei italienske eigarane, som mellom anna bygge minst 20 fregattar for den amerikanske marinen.
Publisert: 23.09.2024 13:09
Sist oppdatert: 23.09.2024 13:09