Beate Grovik Solwr foto Marius
SYKKYLVEN: Dagleg leiar Beate Grøvik i Solwr Software fortalde om løysingane selskapet har utvikla for å handtere plukking og lagerstyring. Foto: Marius Rosbach
Nytt

– Handlar ikkje om å skaffe robotar for å skifte ut folk

Å vere best på teknologi er blitt avgjerande for alt frå it-selskap til møbelprodusentar og fiskehandtering.

Marius Rosbach
30.05.2024

Denne veka går Teknologifestivalen i Sykkylven av stabelen og torsdag var det klart for første dag med presentasjonar frå scena i Sykkylven kulturhus.

Dagleg leiar Beate Grøvik i Solwr Software i Ålesund var mellom dei som fortalde korleis dei brukar teknologi for å utvikle verksemda.

Solwr Software lagar programvare – som ERP-plattformen Trace for handel- og retailbransjen, medan systerselskapet Solwr Robotics utviklar robotar.

Grøvik fortalde korleis dei jobbar med å sørge for at kundane deira har god oversikt til ein kvar tid, og samtidig jobbar mest mogleg effektivt. Automatisering er den avgjerande drivaren, påpeika ho.

– Automatisering er ein nøkkelfaktor, men det handlar ikkje om å skaffe robotar for å skifte ut folk. Det må vere begge delar, la ho til.

Viktig å få med heile organisasjonen
Grøvik meiner det viktigaste for ei bedrift som planlegg å gjere endringar med digitalisering av verksemda, er å involvere heile selskapet.

– Ein må ha med seg heile organisasjonen for å lukkast med slike prosjekt, påpeika ho.

Solwr-selskapa har internasjonale ambisjonar og har sikra seg kundar i både Sverige og Storbritannia. I desse dagar er plukkroboten Grab på plass hos James Hall & Co som er grossist for daglegvarekjeda Spar. Der skal den bli testa og gravis teke i bruk.

Anders Hellebostad optimar foto marius 11
OPTIMAR: Anders Hellebostad frå Optimar fortalde korleis dei nytta teknologi til å bedøve fisken på ein skånsam måte. Foto: Marius Rosbach

Møbelproduksjon med robotar
Hos møbelfabrikkane til Ekornes er også teknologi blitt heilt sentralt. Møbelprodusenten med hovudkontor i Sykkylven har kring 200 robotar i bruk på ein rekke områder.

Deltakarane fekk også høyre korleis delar blir transportert ved hjelp av autonome robotar kring i dei store fabrikklokala.

Ekornes har dei siste åra starta å utforske korleis dei kan gjere seg nytte av 3d-strikk – blant anna saman med selskapet 3d-Knitting & Technology.

– Ved hjelp av denne teknologien sparer vi produksjonstid og kostnader, samtidig som den gir oss fleire moglegheiter i designarbeidet, fortalde tekstilutviklar Yukiko Kiyohara.

Slaktar fisken med teknologi
Fiskeutstyrsleverandøren Optimar var ei anna lokal bedrift som fortalde korleis dei nyttar teknologi til å handtere fisken i fabrikkane dei leverer.

Mellom anna har dei utvikla eit avansert system som både bedøver og bløggar fisken om bord på prosessfartøy. Til det trengs både kamera- og sensorteknologi, kunne Anders Hellebostad frå Optimar fortelje.

Teknologifestivalen i Sykkylven blir i år arrangert for andre gong, og held fram med foredrag og bedriftsbesøk fredag. Festivalen inkluderer også opplegg for skuleelevane i kommunen heile veka.

Publisert: 30.05.2024 13:45

Sist oppdatert: 30.05.2024 22:17

Mer om