Marit Reitan foto Sissel Basso
TALE: Prorektor Marit Reitan i NTNU under velkomstseremonien i 2019. Truleg var det fleire internasjonale studentar til stades då. Foto: Sissel Basso / NTNU
Nytt

Avlyser tilbod i Ålesund på grunn av studentmangel

Stor nedgang i internasjonale studentar til NTNU og Høgskulen i Volda.

NTNU i Ålesund har avlyst fleire studietilbod neste skuleår. Grunnen er mangel på søkjarar fordi det er blitt færre studentar frå utlandet.

I fjor bestemte regjeringa seg for å pålegge høgskular og universitet å innføre ei studieavgift for studentar utanfor EØS og Sveits frå haustsemesteret 2023.

Dei høgaste avgiftene for ein toårig master ligg på nesten ein million kroner.

Effekten er tydeleg: Mange færre studentar frå utlandet vil studere i Noreg.

På NTNU har studentar frå utanfor EU, EØS og Sveits hatt ein nedgang på nærare 80 prosent.

HVO rektorteam Foto Lene Mo Flataker 9 1
NEGATIV: Rektor Odd Helge Mjellem Tonheim (til høgre) ved Høgskulen i Volda ser konsekvensane av studieavgifta retta mot internasjonale studentar. Foto: Lene Mo Flataker / Høgskulen i Volda

Skuldar på studieavgifta
Berre 49 studentar frå utanfor EU, EØS og Sveits startar på NTNU i år. Det er ein nedgang på 183 studentar frå fjoråret.

– Vi kan ikkje sjå nokon andre sannsynlege forklaringar på nedgangen utover det som har med studieavgifta å gjere, seier prorektor Marit Reitan.

I fjor kunne NTNU tilby 54 internasjonale masterprogram for søkarar frå utanfor dette området. I år kan dei berre tilby 31.

Reiten fortel at utdanning av internasjonale studentar er viktig for norsk nærings- og arbeidsliv.

– Tilgang på internasjonal kompetanse og nettverksbygginga som skjer på tvers av land og kontinenter er uvurderleg. Det har på alle måtar vore ein vinn-vinn-situasjon. No blir mangfoldet mindre, og det er noko vi alle taper på.

(saka held fram under)

Desse internasjonale masterprogramma vil ikkje ha opptak for komande studieår (0-opptak):

MPHFENG

English Linguistics and Language Acquisition (Master's Programme)

Trondheim

2-årig internasjonal master

0

840MD

Master of Science - Product and System Engineering

Ålesund

2-årig internasjonal master

0

850MD

Master of Science in Naval Architecture

Ålesund

2-årig internasjonal master

0

845ME

Master of Science - Product and Systems Engineering

Ålesund

2-årig internasjonal master, erfaringsbasert

0

850ME

Master of Science in Naval Architecture

Ålesund

2-årig internasjonal master, erfaringsbasert

0

MSGEOS

Geovitenskap og -ressurser (masterstudium)

Petroleum Engineering

Trondheim

2-årig internasjonal master

0

MSGEOS

Geovitenskap og -ressurser (masterstudium)

Applied Geoscience

Trondheim

2-årig internasjonal master

0

MSGEOS

Geovitenskap og -ressurser (masterstudium)

Mineral Resource Engineering

Trondheim

2-årig internasjonal master

0

MSPUHE

Global Health

Trondheim

2-årig internasjonal master

0

Går utover miljøet i Volda
– På den internasjonale masteren vår for mediefag er det bekymringsfullt. Vi har brukt å ha minst seks studentar frå utanfor EU her, men no er det berre ein, seier rektor ved Høgskulen i Volda, Odd Helge Mjellem Tonheim.

– Dette handlar om studentmiljøet i Volda. Vi mistar personar som bidreg mykje både gjennom fag og kulturutveksling, rektor ved Høgskulen i Volda.

Høgskulen taper også pengar på studentar som ikkje kjem. Dei blei trekt i midlar i Statsbudsjettet, og dei kjem til å få mindre att gjennom studiepoeng.

– No har regjeringa foreslått ei stipendordning som først og fremst er retta mot ein del land i Afrika. Det er positivt, men slik vi vurderer det vil ikkje dette treffe oss.

På sikt trur han at avgifta vil svekke omdømet til Høgskulen i Volda i utlandet.

Publisert: 28.11.2023 15:19

Sist oppdatert: 28.11.2023 22:06

Mer om